Hopp til hovedteksten
Havsil
Tre år gammel havsil.
Foto: Espen Johnsen
Utskriftsvennlig versjon

Fisker stadig eldre tobis

I 2013 er kvoterådet for tobis i norsk sone sett til 20 000 tonn. Svak rekruttering fleire år på rad gjer at det framleis er 2009-årgangen som ber det norske tobisfisket i Nordsjøen. Den fire år gamle tobisen vil dominera fangstane i det komande fisket dersom rekrutteringa av 2012-årgangen også sviktar. 

Havforskingsinstituttet har levert råd om ein førebels tobiskvote på inntil 20 000 tonn for norsk sone i Nordsjøen. Rådet gjeld for første halvår i 2013. Instituttet foreslår også å åpna underområda 2a og 3a for fiskeri. De to områda befinner seg i den sørøstlige delen av de norske tobisfelta. 

50 prosent lågare kvote

Kvoterådet betyr ei halvering sidan i fjor då tobiskvoten enda på 40 000 tonn. Året før var kvoten på 90 000 tonn. Forskar Espen Johnsen, som er bestandsansvarleg for tobis på Havforskingsinstituttet, fortel at nedgangen kjem på grunn av fleire år med dårleg tobisrekruttering.

– På grunn av dei svake 2010- og 2011-årgangane er det stort sett bare fireåringar igjen i bestanden. Uten en god rekruttering av 2012-årgangen vil desse gamle individa prega fangstane. Før om åra gjorde eit sterkt fiskepress at tobisen ikkje rakk fireårsalderen, og det vart stort sett fiska på eitt og to år gamal tobis, forklarar han.  

Ventar på ein god årgang

Tobis er omtrent ferdig utvaksen rundt treårsalderen og kan i teorien bli ti år gammal. Når såpass mange no når fireårsalderen har dei også rekt å gyta fleire gonger. Espen Johnsen vonar det vil bety eit løft for bestanden. Til våren reiser han og kollegaene på tokt for å undersøkja styrken til 2012-årsklassen. Dei skal gje eit oppdatert råd basert på desse toktresultata. 

– Dersom 2012-årgangen er sterk vil vi anbefale ei økt kvote og kanskje fleire opne område, seier Espen Johnsen.

Brukt til fôr

Tobis er eit samlebegrep for fleire artar i silfamilien, men det norske fisket skjer i all hovudsak på arten havsil. Den sølvfarga og åleforma fisken ligg mykje nedgraven i sanden, og på engelsk går tobis under det talande namnet sandeel. Havsilen kan bli om lag 24 centimeter lang og knappe 100 gram, og fangstane går i all hovudsak til olje og mel i fôrindustrien. Danmark og Noreg er dei største aktørane i tobisfiskeriet.
ICES (det internasjonale rådet for havforsking) vil gi kvoteråd for tobis i heile Nordsjøen. Dette rådet kjem i løpet av februar.