Hopp til hovedteksten
Økosystem Barentshavet
Havforskingsinstituttet har fått 21,5 millionar kroner for å forske på det økologiske samspelet i Barentshavet.
Utskriftsvennlig versjon

Skal forske på samspelet i Barentshavet

Havforskingsinstituttet har fått 21,5 millionar kroner frå Noregs forskingsråd til å forske på samspelet i næringsnettet i Barentshavet.

– Prosjektet vil gi eit betre grunnlag for økosystemtilnærming til forvaltning av dette rike havområdet, seier prosjektleiar Hein Rune Skjoldal.

Prosjektet er eit såkalla Strategisk initiativ (SI). Det skal mellom anna bygge på erfaringane frå økosystemtokta som Havforskingsinstituttet og søsterinstituttet Pinro i Murmansk har gjennomført i Barentshavet i ti år for å kartlegge alt frå planteplankton til kvalar. I tillegg har forskarane registrert søppel og tatt prøver som analyserast med tanke på å finne ulike former for forureining, det være seg radioaktivitet, miljøgifter eller andre stoff som ikkje høyrer heime i Barentshavet på naturleg vis.

Skjoldal seier at økosystemtokta har gitt havforskarane viktig kunnskap som også skal takast med i det nye prosjektet.

– Økosystemtoktet skal stå for hovuddelen av prøvetakinga i dette prosjektet. Samtidig kjem vi til å vidareutvikle sjølve toktet med utvida prøvetaking, seier han.

Auka kunnskap

Hovudmålet med prosjektet er å auke kunnskapen om samspelet i næringsnettet i Barentshavet.

– Det er vanleg å framstille økosystemet som ein pyramide med primærprodusentar som plankton i botnen, planteetarar på neste nivå og rovdyr på toppen. Dette kallast trofiske nivå, og vi skal mellom anna sjå på korleis energien overførast frå det eine trofiske nivået til det neste, og vi ønsker også å sjå på samspelet mellom desse nivåa, seier Skjoldal.

I havet er det vanleg å framstille det økologiske samspelet som eit nett i staden for ein pyramide.

– Pyramidemodellen er ei sterk forenkling av samspelet i havet. Der ét dei ulike artane kvarandre på kryss og tvers i forhold til den tradisjonelle næringspyramiden. For eksempel ét vaksen torsk mykje lodde, men lodda kan også ete torsk – så lenge torsken er eit egg eller ei larve og dermed liten nok til å bli spist av lodda, forklarer han.

Fleire delmål

Prosjektet har også fleire delmål, og Skjoldal ramser opp eit par av dei:

– Forskinga skal mellom anna gi oss ei betre skildring av næringsnettet i Barentshavet og finne ut korleis det varierar i tid og rom, for eksempel ved å sjå på korleis ulike artar flytter på seg gjennom året. Vi skal også sjå på samspelet mellom ein del nøkkelartar i næringsnettet og kva dei betyr for energioverføringa mellom dei ulike næringsnivåa (trofiske nivå), korleis det slår ut for den individuelle veksten i ulike artar og kva for bærekraft det er i systemet. I tillegg skal vi styrke den teoretiske og praktiske kunnskapen om Barentshavet og utvikle metodar som gjer oss betre i stand til å studere og forstå økosystemet i dette produktive havområdet.

Økosystembasert forvalting

Havforskinga har gjennom mange år gjeve råd om forvalting av einskildbestandar via Det internasjonale havforskingsrådet (ICES).

– Vi har også tatt i bruk såkalla fleirbestandsmodellar, noko som også er hjelp når bestandane av lodde, hyse og torsk skal vurderast. Med dette prosjektet ønsker vi å komme ei steg nærare ei rådgjeving som er basert på kunnskap om og analysar av heile økosystemet, seier Skjoldal.

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Kontaktpersoner

Hein Rune Skjoldal
905 72 356
Gunnar Sætra
916 11 414