Hopp til hovedteksten
 Ny sonar-kalibreringsrigg
Hector Pena, Sindre Vatnehol og Atle Totland monterer ny sonar-kalibreringsrigg om bord i Artus.
Utskriftsvennlig versjon

Mellom sild, kval og fugl i nord — vellukka målingar på CRISP-tokt

Toktdagbok: Det er ikkje enkelt å vere sild om dagen. Hartvig Kiran sitt dikt "Ei sild og ei til" gir eit fint, men noko gamaldags bilete av korleis det er å vere sild i desse dagar. Men det er andre reiskapar ute no enn enkle sildegarn, som ho før var så redd for at ho kjende blodet fraus.

Silda "vår" har nett avslutta den lange beitesesongen i Norskehavet der ho har gassa seg i raudåte og blitt feit og fin. No skal ho ut på den farlege vandringa mot kysten vår for roleg å vente på at rogn og mjølke skal mogne, der energien som vart sanka opp i raudåte-skyene, vert omforma frå feitt til gyteprotein og nytt liv. Nett no må ho difor tenkje meir på energisparing og kontrollert miljø med tanke på temperatur, saltmengde og oppdrift. Skal eg gå einsam, eller i stim - og dersom eg no vel å gå i stim, kor stor må denne stimen vere? Fordelane kan vere store, men ulempene dramatiske. Dette er noko ho må tenkje grundig over, for  mange er ute etter desse feittpakkane på om lag 300 gram akkurat no - reine helsekosten for dei som jaktar på henne.

Sildestim

Skeptisk sild i stim

Innvandring og strategiske valg

Innvandringa mot kysten skjer i hovudsak no etter to hovudruter, ei frå Vesthavet, med sakte sig mot overvintringsområdet utanfor Lofoten, og ei rute i Nordhavet, nedover langs kanten av Barentshavet. Midt i begge rutene ligg dei største rovdyra klare, nokre med svære nøter, andre med svære kjeftar. Nede på djupet kan ho ikkje gå, då blir kostnadene for store berre med å halde seg flytande.

Silda har ikkje, som torsken, evne til å fylle symjeblæra med gass ved å suge oppløyst gass i sjøen over i blæra, som held ho nokolunde flytande, men må hente lufta heilt oppe i overflata. Her må ho snappe luftblærer, svelgje dei inn i magesekken, og derifrå sende boblene inn i symjeblæra. Her er derimot lufta trygg, der nærmast ugjennomtrengelege sølvveggar, såkalla guanin-krystallar, gir lite gassdiffusjon. Vaksen sild kan slik halde på lufta, og dermed oppdrifta, i vekevis utan fornying, medan ungsild derimot oftare må fylle "tanken" fordi veggane i blæra er tynnare og gassdiffusjonen høg. Sidan diffusjonen er trykkavhengig, finn vi sjeldan småsild djupare enn 100 meter, medan dei gamle lett går til 400-500 meter. Sidan sild har valt å behalde denne "originale" symjeblæra i millionar av år, er fordelen at ho kan bruke sjøtrykket som direkte rømmingsveg. Dersom torsk, sei eller andre silde-etarar angrip til dømes på 50-100 meters djup, så sym silda berre rett opp, slepp ut luft frå utluftingsrøyret som ligg tett saman med analkanalen, og silda eller stimen "meiskar". Torsk og sei, som begge har lukka symjeblære, må då snart gi seg på oppovertur for ikkje å eksplodere som ein ballong av trykkendringa. Dei må hente gassen ut gjennom blodet, og ut over gjellene, ein treg prosess som tek minutt og timar dersom trykkendringa er stor. I tillegg er gassen i symjeblæra ein reservetank for det gassfylte indre øyret hjå silda, som slik kan oppretthalde ein fantastisk hørsel utan å få toppar i øyrene når trykket stig til 50 ATM. Kanskje dette er hovudgrunnen til å behalde den originale, gamle blæretypen. Ho har rett og slett spesialisert seg på å høyra kva kval og andre luringar driv på med.

Forvirring av fiendar

For å forvirre oss og andre som brukar sonar og akustikk, så har silda også andre verkty i kassen sin. Med mykje kval i området er det best å gå ned på nokolunde djup, helst nær botnen om dagen, i tette stimar. Her er det vanskeleg for kvalsonarane å operere fordi ekkoet frå ein tett sildestim og botnekkoet er ganske like. Kostnadene for kvalen med dykking og leiting er også store, og jakting på enkeltsild, som spekkhoggaren likar, er ikkje lett her nede i det svake lyset. Men om natta må ho igjen opp for å fylle tanken. Ho et ikkje i denne perioden og kunne såleis berre ha stått nede på djupet. Kostnadene med underflotasjon og konstant symjing er difor større enn risikoen for dødsfall under vertikalvandring, sikkert berekna lenge før mennesket kom inn på scena. Ho vel då på nytt ein strategi for å forvirre kvalsonaren. Eit tynt slør av sild fyller heile fjorden, gjerne utover i sidene av fjorden og på grunnene, ikkje heilt opp imot overflata, men på om lag 20-30 meters djup. Kvifor her, og ikkje heilt oppe i vassyta, der utluftinga kunne skjedd raskt?

Her kjem den nest viktigaste sildeetaren inn i biletet. Mange stader, og særleg nær land, er det andre skapningar som er ville etter sild. Dei angrip frå lufta, om dagen og til dels om natta. Sylkvasse auge oppdagar både luft, lukt og blåe ryggar, og særleg kvervlane som ein kan sjå når silda går gjennom overflata i mengder.

MS ARTUS

MS ”ARTUS” med fin fangst i nota.

Luftsluking

Den neste kunnskapen er vanskeleg å få frå overflata eller frå farty. Her må ein nytte stasjonære ekkolodd som står på botnen og ser oppover. Då kan ein brått forstå kva den lure silda gjer og kanskje forstå kvifor. Enkeltvis, som i Hartvig Kiran sitt dikt, sym ho no opp frå laget på 20-30 meters djup. Raskt opp og raskt ned. Usynleg for oss, usynleg for fugl. Balansen mellom predatortrykk frå to sider er hårfin, men silda greier seg rimeleg godt, om lag 15 % av den vaksne silda forsvinn kvart år på denne naturlege måten (naturleg død etter sjukdom, nedbeiting) nokre år meir, andre år mindre. Fisket, den "nye" predatoren, tek i dag ut om lag like mykje kvart år. Rekruttering, nytt liv og nytt påfyll er difor viktig, både for silda, for kvalen, for seien og for oss. Den neste store runden skal silda ut på over nyttår, då skal rogna sleppast på dei finaste sand- og grusbotnane på kysten, på Buagrunnen og i nærliggjande område, midt i mi eiga leikegrind frå barndomen. Her vil hysa og hummaren snart kunne gasse seg i velsmakande silderogn. Norskehavet sin årlege produksjon, ferdig lasta og transportert, rett til stovedøra!

Forskinga og fangsten

Midt i dette første biletet, mellom sild, kval og fugl prøvde vi i CRISP-prosjektet å samle data på mengde i sildestimar, målt på sonar med to farty, "G.O. Sars" og MS "Artus", begge utstyrt med dei kvassaste sonarane i skuffa. "G.O. Sars" skulle først peike ut isolerte stimar, måle dei med vitenskapleg 3D-sonar, MS70, og samtidig med fiskerisonar SX90, ved å runde stimane på trygg avstand > 100 m, som ifrå tidlegare har vist seg å ikkje påverke stimen så mykje. Vidare skulle "Artus" inspisere stimen over ein runde med sine sonarar, SX90 og SH90, for etterpå å kaste på stimen med ringnot og måle eksakt fangst. Den spesielle oppførselen til silda gjorde det vanskeleg for oss og andre, som ville ha veldefinerte stimar for fangsting, men ein kort tidsperiode der silda omgrupperer sjakkbrettet, då nytta vi ofte sjansen. Vi fekk ikkje alltid tid til komplette, teoretiske runder, men mange målingar i sekundet gjer at vi kan runde ein passeleg stim og bestemme oss for kasting. Bileta på dataskjermane tikkar inn i 2 og 3 dimensjonar, og vi forstår at det som skulle beskytte silda, har no gjort ho svært sårbar. Nota på nesten ein kilometers lengde går ut i full fart. Reaksjonane og symjeretning av stimen før og under kasting blir nøye kartlagt med markørar i sonarane. Rundingen er utført, og snurpelina låser botnen i den store, 180 meters djupe nota saman, medan stimen enno ikkje veit heilt kva som hender. Ubønhøyrleg dreg snurpevinsjar og kraftblokker nota saman og trengjer stimen, heilt til alle reglar for høveleg, høfleg sildesamkvem opphøyrer. No er dei trykte saman til meir enn 100 sild per kubikkmeter, og sildepumpa blir klargjort. Snart er ho no berre eit tal over radioen til sildesalslaget.

PROFUS

Stimen målt i etterbehandlingsprogrammet for fiskerisonar, PROFUS.

Spekkhoggarane nyttar no høvet til å eta av forvirra sild som er hamna på utsida, som ikkje finn igjen "sin stim", men som stadig prøver å finne saman med sild inne i nota. Dei er også eit lett bytte for sei og torsk, som raskt har samla seg for dette "gildet". Andre frå lufta, alt som kan flyge, krype og gå er her no for å få seg ein matbit.

Sjølvsagt er vi ikkje her for å leike oss, som natur-turistar. Målingane våre vil i framtida bli brukt til å forbetra måleinstrumenta, slik at fiskarane ikkje treng å fiske på for tette og store stimar, for liten fisk eller på feil sort. CRISP-prosjektet skal slik bidra til at notfisket skal bli enda betre med tanke på uønska slepping av skada sild, makrell og lodde. Målemetodane som vert utvikla her, kan også nyttast framover til å få betre og meir nøyaktige målingar av desse bestandane.

MS70-sonarmåling

Stimen målt i 3D med MS70-sonaren om bord på G.O. Sars, rett før kasting.

Hovudarbeidet som vart utført på dette toktet var:

  •     Ny metodikk for sonarkalibrering
  •     Interkalibrering av vitskapleg sonar imot fiskerisonar
  •     Interkalibrering av 6 frekvens ekkolodd imot sonar på same stimar
  •     Interkalibrering av sonarmålingar imot reell fangst
  •     Interkalibrering av sonar imot kjent mengde sild i monofilament merd
  •     Måling av akustisk demping (ekstinksjon) i sildestimar, ekkolodd og sonar
  •     Utprøving av ny ekkoloddteknologi
  •     Måling av ekkostyrke av enkeltsild i sideaspekt med senke-probe
  •     Størrelsesmåling av sild med sidemontert breibands ekkolodd


Stimen målt under kasting med fiskerisonarer frå Artus. Høgfrekvens SH90 til venstre, Lavfrekvens SX90 til høgre. Ringen i biletet tilsvarer omkretsen av nota.

Samarbeidet med fiskefartyet Artus var svært viktig i fleire av punkta over, men særleg punkt 4 og 5, der vi var heilt avhengige av kompetansen til fiskarane om bord. Under punkt 5 fekk vi også låssett 30 tonn sild i ein ny målemerd, der nota var nesten akustisk usynleg. Slik kunne vi då måle totalekkoet frå 30 tonn sild på dei ulike sonarane under meir kontrollerte forhold. Tilsvarande målingar av enkeltsild har vi tidlegare utført ved Forskingsstasjonen Austevoll, der ein stim med NVG-sild har kosa seg og blitt fôra i eit år no.

Flinke fiskarar, skippar, fangstfolk, studentar, ingeniørar og forskarar måtte til for å få desse eksperimenta i boks og det var triveleg å være toktleiar for ein så entusiastisk gjeng! Vi får no håpe på at det ligg både doktorgrader og andre viktige funn i dei 4 TB store datamengdene som vart innsamla under toktet. Neste to åra er det makrellen som skal etterrøkjast på om lag same vis.

Les mer om CRISP - prosjektet:

Kontaktpersoner

Egil Ona
909 98 087