Hopp til hovedteksten
Karin Kroon Boxaspen
Utskriftsvennlig versjon

Karin Kroon Boxaspen – forskingsdirektør akvakultur og kystøkologi

Karin Kroon Boxaspen er forskingsdirektør for akvakultur og kystøkologi, og har ansvar for programma akvakultur, kystøkosystemer og marine prosessar og menneskeleg påverknad. I tillegg er ho nestleiar på instituttet. 

Boxaspen er født i Kristiansund. I oppveksten – først i Trondheim og seinare i Porsgrunn – vart ho vand med båt og sjøliv, og det fekk også følgjer for utdanningsvalet. I 1986 var ho ferdig utdanna sivilingeniør frå NTNU (den gang NTH) på institutt for bioteknologi.
Første jobben her på instituttet var ved Austevoll havbruksstasjon, der ho jobba som avdelingsingeniør. I 1990 vart stillinga gjort om til forskarstilling. Sidan har Boxaspen jobba med forsking på lakselus og som programleiar for akvakultur (2007 til 2012).

Meir publisering

Internt er Boxaspen opptatt av å skapa gode og faste møtestader for tverrfagleg samarbeid.

– Oppdrett skjer i kystsona, og det vil gagna akvakulturforskinga å ha eit tettare hopehav med dei som arbeider med kystøkologi og andre relaterte fagområde.
Eit anna felt Boxaspen vil prioritera er å få opp publiseringsraten på Havforskingsinstituttet. 

– Ofte vert det forska til ”siste nikk”. Då risikerer vi at data hopar seg opp og det blir lite tid til publisering. Eg trur vi må anstrenga oss meir for å få publisert resultat også undervegs i prosjekta.

Møta på andre arenaer

Boxaspen har som mål at akvakulturforskinga skal bli meir synleg i det offentlege rommet. 

– Det må koma betre fram at det er vi som har den beste breiddekunnskapen. Forvaltinga kjenner oss, men vi må også bli flinkare til å møta på andre arenaer. Slik får vi betre oversikt over utviklinga i akvakultursektoren, samstundes som vi posisjonerer oss som kunnskapsleverandør.  

Kontaktpersoner