Hopp til hovedteksten
Harald Loeng
Utskriftsvennlig versjon

Harald Loeng – forskingsdirektør havøkologi

Harald Loeng er forskingsdirektør for Havøkologi. I porteføljen hans ligg Barentshavet og Polhavet, Norskehavet og Nordsjøen.

 

Harald Loeng er den av dei nye direktørane som har lengst fartstid på instituttet. 37 år for å vera nøyaktig. Namdalingen utdanna seg til oseanograf i Oslo, og etter eit gjesteopphald på to år i Tromsø kom han til Bergen og Havforskingsinstituttet i 1976.  I mange år arbeidde Loeng med Barentshavet; først med isforholda og deretter med effektar av klima på fiskeressursane.  

Karriere med kalde hav

Karrieren som mellomleiar byrja i 1991, og i 2012 vart Loeng konstituert som forskingsdirektør. Han har engasjert seg internasjonalt; mellom anna i ICES og i ulike fora for arktisk og antarktisk forskingsamarbeid. For innsatsen i ICES vart Loeng tildelt den høgthengande ”ICES Outstanding Achievement Award” i 2011. Han har også vært hovudforfattar i ”Arctic Monitoing and Assessment Program” og ”Arctic Climate Impact Assessment”.

Utover observatørrolla

Loeng har ambisjonar for bestandsmålinga som skjer på instituttet. Han meiner det er viktig å    gå utover observatørrolla og arbeida meir målretta for å forklara dei ulike mekanismane og drivarane i økosystema.

–Vi må i større grad finna svar på kvifor fiskebestandane svingar; ikkje berre at dei svingar, seier Loeng. 

Instituttet får stadig større havområde å overvaka utan at finansieringa held tritt. Dei siste åra er det – relativt sett – blitt stadig mindre pengar til havøkologi. Loeng seier at det stiller strenge krav til prioritering. Han trur større tverrfagleg samarbeid er ein veg å gå for å få meir forsking for pengane.

– Samarbeid på tvers av faggruppene vil hjelpa oss å utnytta ressursane betre. Det er eit arbeid eg vil prioritera saman med forskingsdirektørane som har ansvar for desse faggruppene.

 

Kontaktpersoner

Harald Loeng
970 75 858