Hopp til hovedteksten
Geir Lasse Taranger
Utskriftsvennlig versjon

Geir Lasse Taranger – forskingsdirektør for akvakultur, miljø og teknolog

Geir Lasse Taranger er forskingsdirektør for akvakultur, miljø og teknologi, og har anssvar for ni forskingsgrupper: dyrevelferd, fangst, bunnsamfunn og kystinteraksjonar, sjukdom og smittespreiing, miljøkjemi, marin økosystemakustikk, oseanografi og klima, populasjonsgenetikk og reproduksjon og utviklingsbiologi.

Taranger trødde sine barnesko i fiskeri- og oppdrettskommunen Austevoll. Han har doktorgrad i akvakultur frå Universitetet i Bergen, og byrja i 1994 som forskar på Havforskingsinstituttet. Han har særlig jobba med forsøk på forskingsstasjonane på Matre og Austevoll.
Etter ei rekkje mellomleiarstillingar, både som forskingsprogramleiar og faggruppeleiar, har Taranger dei siste åra leia forskingsgruppa reproduksjon og utviklingsbiologi. Her har han mellom anna hatt hovudansvar for den årlige risikovurderinga av norsk fiskeoppdrett. 

Styrka utvalde kystområde

Framover vil Taranger mellom anna halda fram arbeidet med skaffa til veges kunnskapen som trengs for berekraftig utvikling av norsk havbruk.

– Skal vi klara å leggja til rette for berekraftig bruk og samstundes vern av sårbare habitat og artar treng vi større innsikt i kystøkologien. Det kan vi til dømes oppnå med å styrka forskinga i nokre utvalde kystområde. Vi treng også betre metodar for å vurdera fiskevelferd og fiskehelse og teknikkar for å hindra at oppdrettsfisk kryssar seg med villfisk.

Effektivisering og publisering

Taranger ser at det er krevjande å dekkja stadig større hav- og kystområde med overvaking og prosesstudiar. Det er derfor viktig å utvikla og ta i bruk ny teknologi og nye metodar og modellar som kan effektivisera desse oppgåvene. Vidare er han opptatt av at rådgivinga frå instituttet skal byggja på solid, publisert kunnskap, og han vil prioritera arbeidet med vitenskapelig publisering.

– Auka publisering kan vi mellom anna oppnå med meir samarbeid på tvers av forskingsgrupper og institusjonar.Vi bør arbeida enno tettare med universitetsmiljøa, og syta for at det kjem fleire master- og doktorstudentar inn i forskings- og rådgivingsprosessane våre.

 

Kontaktpersoner

Geir Lasse Taranger
901 11 596