Geir Huse er andre generasjon Huse på Havforskingsinstituttet. Han flytta til Austevoll som 10-åring då faren fekk jobb på havbrukstasjonen der. Huse fullførte hovudfagsoppgåva på interaksjonar mellom sild og lodde i Barentshavet i 1994 (Universitetet i Bergen), og gjorde ferdig doktorgraden på lodde i 1998. Etter nokre år som forskar på UiB, byrja han på fysisk oseanografi på Havforskingsinstituttet i 2003, og vart leiar for økosystem og bestandsdynamikk-programmet i 2007.
Utvikla kjerneoppgåvene
Blant dei oppgåvene Huse vil prioritera er strategisk arbeid som styrkar instituttet sine kjerneoppgåver: bestandsestimering og rådgjeving.
– Her må vi ha merksemd på heile løypa; målsetting for bestandsovervakinga, overvakingsstrategi, gjennomføring av datainnsamling ved tokt og fiskerisampling, mengdeestimering og rådgjeving. Dette skal vi arbeida meir med i eit nyoppretta kompetanse- og fagutviklingsprosjekt.
Fagleg utvikling og produktivitet
Huse meiner det er viktig å stimulera den faglige utviklinga og produktiviteten i forskingsgruppene, slik at dei kan levera den kompetansen som programma treng.
– Mange aktivitetar og prosjekt involverer fleire av forskingsgruppene. Det stiller krav til god koordinering.
Han ser fram til at Hjortsenteret, som skal etablerast i samarbeid med universitetet og Nansensenteret, står klart.
– Forskinga innan senteret vil gjera oss betre i stand til å forstå og kvantifisera økosystemprosessane.