Hopp til hovedteksten
Korallrev
Med alle sine børstemakkar og andre botndyr er revet eit eldorado for små og store krabbar. 
Utskriftsvennlig versjon

Døgnvakt på korallrevet

Det kryr av dyr på korallrevet på djupet utanfor Vesterålen: reker, krabbar, sjøstjerner og fisk smett inn og ut mellom korallane på leit etter mat og skjul. Det nye sjøobservatoriet gir eit unikt innblikk i artsmangfaldet som utspelar seg på revet, og måler samstundes temperatur, straum og andre forhold rundt revet.     
 

I dag er det offisiell opning av LoVe-observatoriet på 270 meter utanfor Hovden i Vesterålen. Observatoriet, som har vore i drift i ca. eitt år, er plassert tett inntil eit rev med djupvasskorallar.

Overvaking i sanntid


Eksempel på timelaps-video som viser aktiviteten på revet gjennom eit døger.

Eit undervasskamera fotograferer revet ein gong i timen eller så ofte ein ønskjer. Bileta vert sidan sett saman til ein intervallvideo (timelaps), som viser aktiviteten på revet gjennom eit døger. Overvakinga er tilgjengeleg i sanntid (sjå lenke i margen). Der kan ein også følgja med på eit ekkogram som syner livet i vassøyla. Observatoriet tek også prøvar av det fysiske miljøet rundt revet. Fire gonger i året går Havforskingsinstituttet sine farty over området og tar biologiske prøver.

Røffe forhold på botnen

Observatoriet si historie går mange år attende. Olav Rune Godø, som er prosjektleiar for observatoriet og overvakinga, fortel at det er dyrt og krevjande å laga utstyr som er robust nok for dei tøffe forholda på havbotnen. Det har vore ein del prøving og feiling undervegs.

– Utstyret skal tola sjølve utplasseringa og å stå ute over lang tid. Etter ein del forsøk lukkast vi å setja ut observatoriet i januar i år, og det siste året har drifta – både med batteri og etter kvart med straumkabel – gått etter planen. Det var eit stort løft då vi fekk Statoil med på finansieringa.

Prosjektet er realisert saman med Statoil, som har teke kostnadane med kabel, plattform og utsetting. Havforskingsinstituttet har hatt ansvar for design og sensorval. Metas AS bygte sensorplattforma, og selskapet har skreddersydd teknologien etter insituttet sine spesifikasjonar. Godø fortel at samarbeidet mellom forsking og industri vil halda fram.  

– Begge partane ser stor nytte i observatorieteknologien. Havforskingsinstituttet vil ta i bruk teknologien til overvaking av nordområda. Bruksområda for Statoil er kunnskapsinnhenting i Vesterålen-området og metodeutvikling for integrert miljøovervaking.

Ein milepåle for instituttet

Godø fortel at sjølaboratoriet representerer ein milepåle i overvakinga på Havforskingsinstituttet. Før var det berre fysiske forhold slik som straum, temperatur og salt som kunne målast over tid med faste installasjonar (for eksempel bøyer).

– No får vi også kontinuerlig overvaking av fisk og andre marine artar. Vi kan kopla desse data med observasjonar frå den tradisjonelle overvakinga som vi gjer på tokta våre. Det vil gjera oss betre i stand til å føresjå korleis fisken reagerer på skifte i temperatur og andre variasjonar i havet.

Vesterålen viktig for fisken

Data frå  observatoriet går til ein mottaksstasjon på land, og vidare til Havforskingsinstituttet sine databasar. Observatoriet er plassert utanfor Vesterålen av di det er ein svært viktig plass, nærmast på tvers av Golfstraumen, der mange av dei viktigaste fiskeslaga våre passerer og oppheld seg i livsløpet sitt. 

Gå inn på observatoriet:

Kontaktpersoner

Olav Rune Godø
404 37 671