Hopp til hovedteksten
Fangst
Det internasjonale havforskingsrådet har sett på historiske data, og konkluderer med at mindre fiskepress har ført til vekst i ein del viktige bestandar.  
Foto: Havforskingsinstituttet
Utskriftsvennlig versjon

Betre tider for fisken

Pilene peikar oppover for fleire viktige fiskebestandar i Nordaust-Atlanteren. Det er meir sild, raudspette, kolmule og ikkje minst torsk enn på lenge. Det melder havforskarane i det internasjonale råd for havforsking (ICES).

ICES har kikka på fangstane dei siste ti åra og gjort opp status for 85 av dei viktigaste fiskebestandane i Nordaust-Atlanteren. Rådet slår fast at den mangeårige kampen for å få bukt med overfiske begynner å bera frukt.

Berekraftige haustingsregime

På forskarspråket heiter det at ”fiskedødeligheten har gått ned”. Det betyr at det vert fiska færre fisk i høve til talet på fisk i bestanden. I sin tur gjer det at fleire av desse bestandane har byrja å veksa. Best går det for torsken i Barentshavet. Forskarane reknar med at det er om lag 3,5 millionar tonn torsk i havområdet, omtrent dobbelt så mykje som for ti år sidan.

– Det gode forvaltingssamarbeidet vi har med Russland er truleg den viktigaste grunnane til at det går så bra i Barentshavet, seier Harald Gjøsæter som er norsk representant i ICES sin rådgjevingskomité.  

Bremsa av marknaden

Elles får innføringa av berekraftige haustingsregime også æra for at det går på fram med torsken rundt Island og i Austersjøen, raudspetta i Nordsjøen, silda i Norskehavet og brislingen i Austersjøen. ICES legg til at endra marknadsforhold og stigande drivstoffprisar også har vore med på å bremsa fiskeria.
Men ikkje alle bestandane er på veg oppover. Det blir framleis fiska for mykje torsk og hyse rundt Færøyane, melder ICES. I tillegg er torskebestandane i Irskesjøen, Kattegat og vest av Skottland framleis låge.