Hopp til hovedteksten
Kulturlandskap under vatn
Utskriftsvennlig versjon

Kulturlandskap under vatn

-All matproduksjon har eit fotavtrykk, anten den skjer i sjø eller på land, seier forskar Vivian Husa. Ho studerer livet på fjordbotnen under oppdrettsanlegg og i området rundt.

Korleis ser det ut under vassflata i fjordane våre der vi produserer store mengder sjømat?

-Det er forskjell mellom hard og blaut botn, fortel Husa. –På blaut botn finn vi få spesialiserte artar like under anlegget. I nærområdet til anlegget finn vi derimot langt fleire dyr enn vi vanlegvis finn på upåverka fjordbotn.

-På hard botn finn vi tett i tett med børstemark under anlegget, men kjem vi ein kilometer frå anlegget ser vi normal botnfauna.

Pressefrokost 2013

Vivian Husa på pressefrukosten på Aqua Nor 2013

Dei dyra som lever ved anlegga bryt ned det organiske materialet veldig effektivt. Men blir det for mykje organisk materiale slik at dyra ikkje greier å omsetje det, får vi ein lokalitet med dårleg miljøtilstand. I hovudsak har dei fleste lokalitetar i dag god miljøkvalitet, men unnatak av dei få som ligg i straumsvake område.

Produksjonen av 1 million tonn korn og 350 000 tonn kjøt i norsk landbruk slepp årleg ut nesten like mykje nitrogen til sjø som produksjonen av over 1 million tonn laks. Det viser offisielle norske tal.

Overvaking av miljøkvalitet i Rogaland og Hardangerfjorden viser ingen teikn på at utslepp frå oppdrettsindustrien har negative regionale effektar. Til no har det vore forska mest på fjordsystema, men eit nytt, stort prosjekt som startar ved Havforskingsinstituttet i år vi vil gi oss meir kunnskap om korleis utslepp frå store kystanlegg blir spreidde i miljøet og kva slags effekt det kan ha.
 

Les også:

Kulturlandskap under vatn? (Artikkel frå Havforskingsrapporten 2013)

Kontaktpersoner

Vivian Husa
915 38 429