Hopp til hovedteksten
Makrell og sild
Makrelltoktet sommaren 2013: I det nordlege Norskehavet var makrellen og silda jevnstore i mange av hala.
Foto: Leif Nøttestad
Utskriftsvennlig versjon

Forsiktig framgang i Norskehavet

Dyreplanktonmengda er sakte på veg opp frå botnnivået i 2009, og nedgangen i sildebestanden er bremsa. Forskarane ser nokre lyspunkt i Norskehavet.

Målingar som viste ein hurtigveksande makrellbestand, ein sildebestand som sleit med rekrutteringa og lite dyreplankton fekk forskarane til å snakka om ein ubalanse i økosystemet i Norskehavet. Resultat frå årets havforskingstokt viser at det lysnar for dyreplanktonet og silda.

Fireåringane bidrar til sildebestanden

–  Dyreplanktonmengdene minka heilt fram til 2009. Dei siste åra har nedgangen flata ut, og målingane frå økosystemtoktet i vår viser at kurven peikar oppover igjen. seier Erling Kåre Stenevik, som er forskar på Havforskingsinstituttet.
Sildebestanden har ikkje hatt ein god årsklasse sidan 2004, men 2009-årsklassen bidreg no til at nedgangen bremsar opp.

– Desse fireåringane erstattar ikkje all silda som er på veg ut av bestanden, men ein reduksjon i fisket kompenserer for dette, forklarar Stenevik.

Nok mat til alle?

I rekordåret 2007 vandra over 20 millionar tonn sild, makrell og kolmule i stim ut i Norskehavet. I same periode som dei tre fiskebestandane vaks seg så store, vart dyreplanktonmengda nesten halvert. Det vart stilt spørsmål om Norskehavet ville klara å fø all silda, makrellen og kolmula. Sidan den gongen har makrellbestanden auka ytterlegare, medan det har svinga litt for dei to andre artane.

– Det er ikkje tvil om at det er mykje makrell i Norskehavet, men vi ser på same tid at kolmula er på veg opp og at silderekrutteringa held seg over det kritiske nivået. Når det i tillegg er ein viss oppgang å spora for dyreplanktonet, er det ikkje belegg for å seia at Norskehavet styrer mot kollaps, seier Erling Kåre Stenevik.

Opnar hundrevis av makrellmagar

Stenevik stikk ikkje under stol at situasjonen i Norskehavet er utfordrande, men understrekar at eventuelle nye forvaltningsråd for havområdet må vera kunnskapsbaserte.

– Debatten så langt har vore for einsidig og negativ. Dei ferske toktresultata viser jo også at det er lys i tunnelen for dei artane som har lege dårlegast an.

Havforskingsinstituttet held auge med utviklinga, og forskar mellom anna på tilhøvet mellom dei ulike artane i Norskehavet. I haust skal prøvar frå fleire hundre makrellmagar analyserast, fortel Stenevik. Det er kjent at makrell beitar på sildelarvar, men forskarane kjenner ikkje omfanget av denne beitinga. Mageanalysane vil gje svar på om makrellen utgjer ein reell trussel for silderekrutteringa.  


          
 

Kontaktpersoner