Hopp til hovedteksten
Ingrid_A_Johnsen.jpg
Foto: Øyvind Ganesh
Utskriftsvennlig versjon

Følgjer lusa med straumen

Ingrid Askeland Johnsen tar lakselusa til scenen 19. september. Oseanografen er Havforskingsinstituttet sin kandidat til årets forskar grand prix.

Om vel ein månad går delfinalen i forskartevlinga av stabelen på Verftet. Då skal Ingrid Askeland Johnsen og ti andre doktorgradsstipendiatar frå ulike utdanningsinstitusjonar konkurrera i god forskingsformidling. 

Reiseruta til lakselusa

28-åringen kjem opphavleg frå Skånevik i Sunnhordland, og det var i fjæresteinane der at ho først byrja å undra seg over langvegsfarande flaskepost og rekved. Denne nyfikna i kombinasjon med interesse for realfag førde ho til Bergen og oseanografistudiar på universitetet. I dag er det reiseruta til lakselusa ho studerer.

– Eg ser nærare på korleis straumen transporterer lakselusa. Lakselusa lever i fem til ti dagar før ho er moden til å festa seg på ein vertsfisk. På denne tida kan lusa verta transportert langt bort frå staden ho er klekt. Straumane som flyttar på lakselusa skiftar heile tida, men når me studerer lengre tidsperiodar ser me kva område som vert påverka av lus frå éi kjelde. På denne måten kan me seia kva område av kysten laks og sjøaure har høg eller liten risiko for å bli infisert av lakselus. Det kan også gjera det lettare å plassera anlegga der det er minst fare for smitte frå andre anlegg, fortel ho.

Nyttig med modellar

Ingrid Askeland Johnsen er snart halvvegs i doktorgradsstudien sin, og har mellom andre Svein Sundby og Lars Asplin frå faggruppe oseanografi som rettleiarar. Ho fortel at ho først og fremst er med i forskar grand prix for å bli ein betre formidlar.

– Det er  lett å snakka om forskinga mi til kollegaer og andre fagfolk, men eg har lyst til å bli betre på å forklara kva eg driv på med til andre folk. Dessutan er det viktig å visa kva vi held på med for å skapa større forståing for kva ein modell er og kva den kan brukast til.

Under konkurransen i Bergen har deltakarane fire minuttar på seg til å overbevisa dommarane og publikum. Dei to beste går vidare til den nasjonale finalen i Oslo 28. september.     
 

Les meir og sjå filmklipp:

Forskningsdagene i Bergen 2013

Forskar grand prix torsdag 19. september kl. 19:00 på Verftet:
Ingrid Askeland Johnsen stiller frå Havforskingsinstituttet. Ho viser kva som kan skje når lakselusa driv med straumen i fjordane våre. 

Forskningstorget laurdag 21. september på Festplassen kl. 11:30:
Lær meir om leppefiskane som plukkar lus av oppdrettslaksen. Akvarium med leppefisk, krabbe og andre kystnære artar. Forskarane fortel om dei flittige leppefiskane og svarar på spørsmål.

Foredrag i Litteraturhuset laurdag 21. september kl. 12:00:
Karin Kroon Boxaspen snakkar om framtidas havbruk: Kan det drivast berekraftig?

Debatt i Litteraturhuset måndag 23. september kl. 19:00:
Er det farleg å eta oppdrettslaks? Fire ekspertar på kvar sitt felt tar debatten. Ole Torrissen stiller frå Havforskingsinstituttet.

Forskarduellen fredag 27. september i Egget på Studentsenteret:
Lise Doksæter Sivle har fire minutt på seg til å visa kor god formidlar ho er. Elevar frå vidaregåande skule bestemmer kven av dei fire duellantane som er best.

Les heile programmet:
Forskningsdagene Bergen
 

Her er vi også med: 
Forskningsdagene Troms
Forskningstorget i Arendal

Kontaktpersoner