Hopp til hovedteksten
Montering av laksefelle
Laksefella vart montert i byrjinga av april. Det er første gongen dette amerikanske systemet vert testa i Europa.
Utskriftsvennlig versjon

Testar ny fangstteknologi for rømt laks

Ei lovande «ny» laksefelle vert no testa ut i det nasjonale laksevassdraget i Etne. Vonleg vil fella hindra at rømt oppdrettslaks vandrar opp i elva og syta for sikker passasje for vandrande villaks. Forskarane håper også slusesystemet skal bidra til gode datasett på rømt laks og villaks. 

Rømt oppdrettslaks som vandrar opp og gyter i villaksen sine oppvekstområde er –  ved sidan av lakselus  – rekna som det største miljøproblemet i lakseoppdrett.  Det har vore problematisk å talfesta kor myke rømt fisk det er i vassdraga. Ei anna utfordring har vore å hindra rømlingane frå å koma opp i gyteområda. Utgreiingar Havforskingsinstituttet har gjort viser at det krevst  ei gjennomgripande kvalitetssikring av arbeidet dersom forskingsmiljøa skal kunna svara på spørsmåla frå forvalting og politiske styresmakter.

Første gang i Europa

Som del av det nasjonale pilotprosjektet i Hardangerfjorden, leia av Fiskeridirektoratet, har Havforskingsinstituttet fått ansvar for følgjeforsking og dokumentasjon av eit nytt, interessant fangstsystem. Det er ei såkalla oppgangsfelle, som hindrar at rømt oppdrettslaks tar seg opp i Etneelva. Systemet heiter «Resistance Board Weir», og er i røynda ikkje nytt. Det har vore i bruk i over 20 år i Alaska, Oregon, California og seinare også i Canada, men dette er  fyrste gongen det blir testa i eit europeisk vassdrag.

Vekk med rask, inn med laks

Det nye med dette systemet er at det er basert på seks meter lange flyterister. I øvre ende er flyteristene forankra via ei hengsleanordning i ei stålskinne som ligg i elvebotn. Eit sinnrikt system gjer at nedre ende flyt over vassnivået i elva. Greiner, tre  og anna rusk og rask som kjem flytande blir vaska over fella - med litt enkel røkting. Oppvandrande fisk blir slusa inn i eit fangstkammer via ein kalv (opning). I fangstkammeret kan fisken håvast opp ein og ein for måling, veging, prøvetaking og utsortering av rømt oppdrettslaks.

Mange interesser, ei plattform

I første halvdel av april stod det aller fyrste eksemplaret av fangstsystemet ferdig montert i Etneelva. Prosessen har vore lang og relativt utfordrande, der forvalting, næringsinteresser, elveeigarar og forskingsmiljø skulle finna ei felles arbeidsplattform. Tilhøva var optimale under monteringa, med minimal vassføring i Etneelva. Då vassføringa auka frå 5 til 35 m3 fungerte utstyret godt. Utgytt laks på veg utatt i Norskehavet stod i kø, men kom seg fint ut gjennom passasjen i fella. 

Laksefelle i Etneelva

Montørane med fella i bakgrunnen. Det avlange buret er fangstkammeret, som vert sjekka fleire gonger dagleg. Frå venstre: Vidar Børretzen (Etne elveeigarlag), dykkar Tor Egil Holmedal (Etne jeger og fisk), professor Joseph Merz (University of California), forskar Øystein Skaala (Havforskingsinstituttet) og biolog Jesse Anderson (Cramer Fish Science, California).

Håpar på gode data

Etneelva er eit nasjonalt laksevassdrag der villaksen skal ha særskilt vern, og når 50 eller 100 villaksar i slengen møter det nye slusesystemet, vil røktarar og forskarar få det rimeleg travelt. Teknologien er betalt av havbruksnæringa og forvaltinga, og dei neste tre åra skal Havforskingsinstituttet evaluera systemet. Instituttet har mange spennande forskingsoppgåver knytt til dette fangstsystemet. Svarar teknologien til forventingane, vil det resultera i formidable datasett på både rømt laks og villaks.
 

Kontaktpersoner

Øystein Skaala
476 27 878