Hopp til hovedteksten
Oppdrettsanlegg
Utskriftsvennlig versjon

Støttar grøne oppdrettsløyve

Havforskingsinstituttet støttar innføringa av ordninga med ”grøne løyve” for oppdrettsnæringa, men på enkelte område tilrår ein strengare krav enn det som er foreslått. Ordninga skal stimulere utvikling og utprøving av ny teknologi og nye driftsformer som skal gje lågare luseutslepp, lågare risiko for rømming eller mindre konsekvensar for vill laksefisk viss oppdrettlaks rømmer.

Dette kjem fram i høyringssvaret frå Havforskingsinstituttet til Fiskeri- og kystdepartementet.

Steril fisk - ei mogeleg løysing på rømming

Med dagens teknologi kan bruk av steril oppdrettslaks løyse problema med genetisk påverknad frå rømt laks. Forbetra teknologi og driftsformer kan redusere sjølve risikoen for rømming og dermed også risikoen for negative økologiske interaksjonar med villfisk samt risiko for smittespreiing. Bruk av triploid steril holaks vil og redusera risiko for at rømt laks vandrar tilbake til elvane. Dermed kan ein  unngå genetisk påverknad og redusere risiko for økologisk eller smittemessig påverknad på villaksen.

Dersom det skal utviklast nye teknologiske løysingar for å redusere problema med rømt fisk, er det viktig at omsynet til fiskevelferd blir vurdert når det skal avgjerast kor godt eigna ein metode er.

Vil ha strengare krav mot lus

Havforskingsinstituttet ber om at grensene for utslepp av lakselus, spesielt i område som alt er sårbare, vert strengare enn foreslått. Instituttet påpeikar at rapporterte lusetal frå oppdrettarane i mange område alt er i samsvar med det som er foreslått i den nye ordninga, og at det dermed ikkje vil bli ei vesentleg betring i desse områda dersom det kjem grøne konsesjonar her.  

Miljøtilstanden bør avgjere

I svaret sitt skriv Havforskingsinstituttet òg at det bør takast omsyn til noverande miljøtilstand i område som er aktuelle for grøne konsesjonar når det gjeld påverknad på vill laksefisk av både lus og rømt fisk. Forslaget som er ute på høyring inneber at løysinga som søkjar forpliktar seg til å bruke, enten gjer redusert (gruppe A og B) eller vesentleg redusert risiko (gruppe C) for påverknad på ville bestandar av laksefisk som følgje av rømming eller lakselus, samanlikna med løysingar i vanleg kommersiell bruk. Dermed kan det bli eit problem at det i område der det til dømes er problem med mykje lakselus, kan kome grøne konsesjonar med fokus på teknologi mot røming, noko som igjen kan føre til auka produksjon av lakselus i området.

Havforskingsinstituttet tilrår difor at ein prioriterer både reduksjon av lus og redusert rømmingsfare om mogeleg, og då særskilt i område som allereie er moderat eller sterkt påverka. Dette gjeld særskilt for lus der ei auke i maksimum tilleten biomasse (MTB) i eit område, utan at ein samstundes set strengare krav når det gjeld lakselusutslepp, mest sannsynleg vil forverra situasjonen for villfisken, står det i høyringssvaret.

Informasjonen må vere offentleg

Sjølv om det blir lagt opp til at det i søknaden skal dokumenterast at teknologien eller driftsforma ein søkjar om skal redusere risiko for rømming, konsekvensar av rømming eller lakselusutslepp, meiner Havforskingsinstituttet at det er særskilt viktig at det blir lagt opp til ein solid dokumentasjon av dei oppnådde effektane i sjølve driftsperioden. Det er òg viktig at oppdrettarane kan dokumentere at dei oppfyller vilkåra for løyet, og at erfaringane frå dei ulike løyva blir offentleg kjent.

Fakta om steril oppdrettsfisk

  • Hindrer at rømt oppdrettsfisk sprer genene sine til villfisk.
  • Laks og torsk kan gjøres steril v.h.a. triploidisering, d.v.s. at fiskeeggene utsettes for trykk som gjør at de beholder en ekstra del av arvematerialet fra morfisken, noe som igjen medfører at den blir steril.
  • Triploid fisk er ikke genmodifisert. Triploider forekommer også naturlig blant laksefisk, men er naturlig nok sjeldne.
Steril oppdrettsfisk

Fakta om lakselus

Latinsk navn: Lepeophtheirus salmonis salmonis (Atlanterhavet), L. salmonis oncorhynchi (Stillehavet)
Utbredelse: Finnes naturlig i norske farvann. Omfanget har økt betraktelig i takt med veksten i oppdrettsnæringen.
Biologi: Lakselusen er en parasitt med åtte livsstadier fordelt på tre frittlevende, to fastsittende og tre mobile stadier. Slår seg ned på laksen i det tredje.
Størrelse: voksen hunn: 12 mm (ca. 29 mm inkludert eggstrenger), voksen hann: 6 mm.
Føde: Skinn og blod fra laksefisk. Lusene spiser først når de sitter på en vertsfisk (fastsittende og mobile stadier).
Formering: Hele året, men formerer seg hurtigere når temperaturen øker utover våren.
Spredning: Frittlevende stadier sprer seg via fjord- og kyststrømmer.
Bekjempelse: Biologiske midler (leppefisk) eller kjemikalier (legemiddel).

Lakselus

Meir om grøne løyve

Sjå Fiskeri- og kystdepartementet sine nettsider for meir informasjon om grøne oppdrettsløyve:

Kontaktpersoner

Terje Svåsand
994 89 985
Beate Hoddevik
908 21 630