Hopp til hovedteksten
Botnskade på korallrev
Fiskereiskap med botnkontakt kan skada botnen. Biletet viser eit korallrev med merke frå ein slik reiskap.   
Foto: Hermione, Havforskningsinstituttet
Utskriftsvennlig versjon

Korleis påverkar fiskeria havbotnen?

I ein ny rapport vurderer Havforskingsinstituttet korleis forskjellige fiskereiskapar påverkar korallar og andre botntypar. Rapporten beskriv også korleis ein kan forbetra  fiskemetodar, og føreslår tiltak som kan bidra til ei berekraftig og økosystembasert forvalting av resursane i havet.
 

Botntrål er den reiskapen som i dag har størst effekt på fisken sine leveområde og botndyr. Botntråling kan setja spor og laga grøfter som kan endra lokal topografi. I nokre tilfeller kan trålen knusa korallar. I rapporten vert det skissert tiltak som kan føre til redusert påverknad på havbotn og dei levande organismane frå trålfiskeri.

Det er gjort få studie som dokumenterer dei langsiktige effektane av tråling, men tilgjengeleg kunnskap viser at til dømes korallar, svamp og sjøfjær treng frå 10 til 100 år på å byggja seg opp att. Det er og kjent at mindre organismar som lever under oppdrettsanlegg vert påverka av partiklar som fell ned frå anlegga.
 
Innføring av tiltak for å avgrensa skadar og uheldige effektar på økosystemet som følgje av fiske og havbruk blir eit viktig forvaltningsområde i tida framover.

16. til 19. juni 2014 er effektar av fiskeri på havbotnen tema på ein ICES-konferanse i Tromsø.