Hopp til hovedteksten
Monica F. Solberg
Stipendiat Monica F. Solberg har gjort mykje av feltarbeidet på Forskingsstasjon Matre.  
Foto: Gisle K. Sverdrup, Forskningsdagene i Bergen
Utskriftsvennlig versjon

Til Grand prix med stressa laks

Det er høgaktuelt forskingsstoff Monica F. Solberg konkurrerer med i årets Forskar grand prix: På 4 minutt skal ho imponera dommarar og publikum i Grieghallen med sin kunnskap om stressmeistring hos oppdrettslaks.

Monica F. Solberg tilhøyrer faggruppe Populasjonsgenetikk og økologi, der ho arbeider med arvelege skilnader på villaks og oppdrettslaks. Ho har alt hatt sine første treningsøkter med konkurrentane og resten av grand prix-teamet i Bergen. No står coaching med ein skodespelar frå DNS for tur. Så skal presentasjonen finpussast fram mot konkurransen fredag 21. september. 

Anlegg for stress?

Dyr i fangenskap vil med tida tilpassa seg miljøet dei lever i. Eigenskapane dei har med seg frå naturen endrar seg; dei kan verta sterkare eller forsvinna. Med avl kan ein selektera for dei eigenskapane ein ønskjer dyret skal ha, men desse trekka må ha vore der frå før.

I Noreg har vi no niande–tiande generasjon oppdrettslaks, og det har spesielt vore satsa på å utvikla stor og hurtigveksande laks. Monica F. Solberg studerer blant anna stressmeistring hos laks. Spørsmålet er om åra i fangenskap har gjort oppdrettslaksen meir robust mot stress. Funna så langt kan tyda på det.

– Laks som veks dårleg i eit stressa miljø vert ikkje vald ut som foreldre til neste generasjon oppdrettsfisk. Kanskje oppdrettarane umedvite har selekter for auka stressmeistring hos laksen. Denne teorien vert styrkt av resultata våre som viser at villaksen veks dårligare enn oppdrettslaksen når begge vert utsette for stress, fortel ho. 

Nyttig lærdom

Forskar Grand Prix er ein del av Forskningsdagene Bergen. 10 stipendiatar frå ulike forskingsinstitusjonar i byen deltek. Dei to beste går vidare til landsfinalen i Tromsø.

Monica F. Solberg trur grand prix-deltakinga kan koma godt med både i det vidare doktorgradsarbeidet og når ho etter kvart skal inn på arbeidsmarknaden.

– Det er nyttig å læra meir om formidling og presentasjonsteknikk. Samstundes er Forskar Grand Prix god marknadsføring av fagfeltet og ein fin anledning til å visa vener, familie og kjente kva du held på med, seier Monica F. Solberg. 

Konkurransen vert leia av fysikar og nrk-programleiar Andreas Wahl. I juryen sit Finn Tokvam, Agnete Haaland og Sylfest Lomheim. Publikum får mentometer til å stemma fram sin favoritt.

 

Kontaktpersoner

Monica F. Solberg
922 98 650
Marie Hauge
975 68 384