Hopp til hovedteksten
Amfipode
Amfipodane er hardhausar som finst "over alt" i sjøen.   
Foto: David Shale
Utskriftsvennlig versjon

Tar havet opp på land

Eit knøttlite plankton i kjempeformat minnar overraskande mykje om eit forhistorisk dyr – eller kanskje eit utanomjordisk vesen? Og lakselusa på kloss hald, kan ho vera vakker? Dei som ønskjer svar bør ta seg ein tur til Byparken og vitja den store utandørs fotoutstillinga ”Tørrskodd gjennom havet”.

Eit stort mangfald av små og store dyr lever under havoverflata. Havforskingsinstituttet inviterer til nærkontakt med nokre av desse skapningane i Byparken dei neste dagane. Fotoutstillinga opnar i måndag 17. september og er å sjå til og med laurdag 22. september.

Speglar breidden

Frå små, små ”usynlege” algar til dei store, store kvalane. Frå djup havbotn til fjærestein. Forskarane på Havforskingsinstituttet tel krill i Sørishavet, torsk i Barentshavet og lakselus inst i norske fjordarmar. Forskinga famnar enno breiare, og delar av aktiviteten vår vert spegla att i biletutvalet i Byparken. Til kvart bilete følgjer ein liten tekst, så det er også mogeleg å læra noko undervegs.   

Vinn sjømatkurs

Utstillinga markerer at Havforskingsinstituttet og Bergen er vertskap for den store internasjonale havforskarkonferansen ICES Annual Science Conference. Høveleg nok går også startskotet for Forskningsdagane Bergen om lag på same tid.

Last ned QR-koden som er plassert på krillbiletet i utstillinga, og delta i vår ”tørrskodde havquiz”. Svara er å finna i tekstane som følgjer bileta. Førstepremien er eit matkurs for to personar på Norsk Sjømatsenter på Fisketorget. Fire vinnarar får den flotte kokeboka ”Den beste sjømaten i Norge”.   


    


 

Kontaktpersoner

Marie Hauge
975 68 384