Hopp til hovedteksten
Dorothy Dankel og Lise Doksæter Sivle
Forskningsdagene UNG legg vekt på å visa breidda i bergensforskinga. Dorothy Dankel (t.v.) er programleiar for arrangementet og Lise Doksæter Sivle stiller på stand for Havforskingsinstituttet.  
Utskriftsvennlig versjon

Skaper ny bergenstradisjon

700 elevar frå den vidaregåande skulen har litt av ei oppleving i vente når dei troppar opp i Studentsenteret fredag kveld. Der ventar nærkontakt med eit mangfald av forsking under premieren på ”Forskingsdagane UNG”. 
– Det er naturlig at Havforskingsinstituttet tar stor plass på eit slikt arrangement, seier Dorothy Dankel og Lise Doksæter Sivle.

Vi er stolte over å skapa ein ny bergenstradisjon, seier Dorothy Dankel, som er programstyreleiar i Forskingsdagene UNG, det siste tilskotet til Forskingsdagane i Bergen. Ho høyrer til vanleg til faggruppe pelagisk fisk på Havforskingsinstituttet og er i tillegg knytt til Senter for Vitenskapsteori på UiB.

Forsking i all si breidde

Arrangementet på studentsenteret blir det første og største i sitt slag i Bergen. Det blir stasjonar, workshops og store show, og både humanistiske fag og realfaga er rikeleg representerte. Dorothy Dankel er nøgd med at Havforskingsinstituttet vert å sjå og ikkje minst høyra i Studentsenteret.

– Bergensmiljøet er internasjonalt leiande innan akustikk, og Havforskingsinstituttet er blant dei tre største marine forskingsinstitusjonane i verda. Den marine forskinga er spesiell for Bergen, og kjem heilt til sin rett i ei slik setting som vi skal ha i Studentsenteret.

Hopp i bassenget

Elevane som tek utfordringa frå faggruppe observasjonsmetodikk på Havforskingsinstituttet må på djupt vatn, bokstavleg tala. Faggruppa disponerer bassenget i studentsenteret, og elevane skal få oppleva på kroppen korleis det er å vera fisk i eit bråkete hav.

– Vi har plassert ein undervasshøgtalar i bassenget, og elevane får først høyra behageleg bølgjesus. Etter kvart vert bølgjesusen overdøyvd av stadig sterkare probelldur. Seansen vert avslutta med eit kraftig smell frå eit seismikkskot, fortel Lise Doksæter Sivle.

Nyttig lyd

Ho og kollegaene frå observasjonsmetodikk skal også visa korleis lyd kan koma til nytte i havet. Dei har installert eit ekkolodd i bassenget, og har sett seg føre å læra frå seg korleis denne teknologien kan hjelpa til å identifisera fisk og til å skilja ulike artar frå kvarandre.

– Elevane sym gjennom ekkoloddstrålen og slik måler vi ekkoloddstyrken deira. Så får dei samanlikna sine tal med ekkoloddstyrken til kval, torsk og sild, forklarar Lise Doksæter Sivle.

Når viktig målgruppe

Lise Doksæter Sivle meiner det er på høg tid at forskarmiljøa vender seg til vidaregåande skuleelvar, som ofte vert gløymde til fordel for dei yngste elevane og studentar.

– Elevar i den vidaregåande skulen er ei viktig målgruppe, dei skal jo velja utdanningsveg i nær framtid. Det er no vi må vekkja interessa deira, slik at vi kanskje møter vi dei att som masterstudentar om nokre få år.   

Kontaktpersoner