Hopp til hovedteksten
Figur 4
Korallrev på sokkelen nord for Røstbanken. Dypet er 223 m. Brosme er en svært vanlig fisk på korallrevene. Bunnen her er døde korallkolonier av steinkorallen Lophelia pertusa, men like ovenfor sto det store levende kolonier. Ellers ser vi risengrynkorall (Primnoa resedaeformis) og dvergsjøtre (Anthothela grandiflora).
Foto: MAREANO/Havforskningsinstituttet
Utskriftsvennlig versjon

Skal undersøkje korallrev og fiskebankar

I slutten av komande veke startar årets hausttokt med ”G.O. Sars”. Då skal mellom anna korallrevet Sularevet utanfor Sør-Trøndelag undersøkjast, i tillegg til fleire fiskerike område på strekninga Kristiansund–Halten og utvalde område nordaust på Mørebanken og Storegga.

- Sularevet består av 500 enkeltrev som er opp mot 35 meter høge og ein kilometer lange. Den gode tilstrømminga av næringsrikt atlanterhavsvatn på Sularyggen der korallreva veks, gjer at dei har god tilgang på mat. Sularevet er det nest største komplekset av kaldtvasskorallar som er oppdaga i verda, det største er Røstrevet eit stykke lenger nord, fortel toktkoordnator Pål Buhl-Mortensen.
 
På alle MAREANO-tokt vert den spesialbygde videoriggen Campod brukt, og no håpar forskarane at opptaka frå denne vil gje betre bilete-dokumentasjon enn tidlegare undersøkingar.

Håpar på spanande funn

På det komande toktet er det ikkje berre sjølve korallane som skal ha fokus når forskarane undersøker korallområda, men også havbotnen imellom desse skal kartleggast grundigare enn tidlegare.

- I tidlegare undersøkingar av desse områda har fokuset vore på korallane, og vi har derfor liten kunnskap om den delen av botnen som ikkje har korallar. Havbotnen utanfor Midt-Noreg er rik på dyreliv og har høg produksjon av fisk. I løpet av toktet ventar vi å finne fleire nye korallrev, i tillegg til område med gassoppkomme og svampebotn, fortel Buhl-Mortensen.

Lagar kart over havbotnen

Det er ikkje berre dei spesielle botntypane og dei sårbare naturtypane forskarane er på utkikk etter når dei driv botnkartlegging i MAREANO-programmet.
 
- Eit av dei viktigaste måla for MAREANO er å lage kart over korleis botnen ser ut. Også i område der botnen ser keisam ut med lite synleg liv og ei grå og trist mudderoverflate, kan vi gjere spanande funn. På desse botnane lever dyra nede i sedimenta, og det er berre ved å ta opp prøver ein kan beskrive rikdomen av smådyra, fortel toktkoordinatoren.

Til saman skal det vere tatt prøver frå 6590 km2 når toktet vert avslutta ca. 7. oktober. Iverryggen, Sularevet og delar av Mørebankane skal undersøkjast med video på første del av toktet. Kunnskapen forskarane får frå desse områda må nemleg vere ferdig opparbeidd til september 2013 i samband med at forvaltningsplanen for Norskehavet skal reviderast. På andre del av toktet skal ytre del av Mørebankane undersøkjast, då blir det i tillegg tatt ulike botnprøver.

Toktdagbøker

Dersom du er interessert i å sjå på kva forskarane om bord på ”G.O. Sars” finn på hausttoktet, kan du følgje med på toktdagbøkene som vert publiserte på www.mareano.no.

Kart

Kartet viser områda som skal undersøkjast på hausttoktet. Du kan finne meir informasjon om toktet i MAREANO-programmet sin aktivitetsplan for 2012.

Fakta om koraller

Her kan du finne informasjon om flere av korallene som lever i norske farvann:

Koraller

Kontaktpersoner

Pål Buhl-Mortensen
55 23 85 99
Børge Holte
916 30 856
Beate Hoddevik
908 21 630