Hopp til hovedteksten
Malaysisk fiskeoppdrett
Oppdrett av tilapia i Lake Temenggor, Perak, Malaysia.
Foto: Rolf Engelsen
Utskriftsvennlig versjon

Skal gje oppdrettsråd til Malaysia

Havforskingsinstituttet har fått eit nytt stort akvakulturoppdrag. Dei neste fire åra skal instituttet gje regulerings- og forvaltningsråd til Malaysia, og hjelpa landet opp og fram blant verdas oppdrettsnasjonar. 

Det er Fiskerifaglig senter for utviklingssamarbeid (CDCF) på Havforskingsinstituttet som har det faglege ansvaret for prosjektet. I november reiser ein forskardelegasjon til det søraustasiatiske landet for å setja seg inn i tilhøva og fortelja om forvaltninga av norsk fiskeoppdrett. 

Stor vekst

Malaysia har store ambisjonar for oppdrettsnæringa si. Dei ønskjer å auka dagens produksjon på nett under 300 000 tonn til 790 000 tonn innan 2020. Styresmaktene har bestemt at veksten skal skje på ein berekraftig måte og utan at det går utover standarden på næringa. Dei førebur eit strengare reguleringsregime, og vil sjå om dei kan læra av den norske modellen. Det fortel Rolf Engelsen, som er ansvarleg for Malaysia-prosjektet på Havforskingsinstituttet.

Grønt fiskeoppdrett

Oppdrettsnæringa i Malaysia har hatt  problem med sjukdom og sertifisering, noko som mellom anna har ført til eksportforbod ved nokre høve.

– ”Green Malaysia” er styresmaktene sin visjon for oppdrettsnæringa i landet, og no vender dei seg til oss for råd og tips. Malaysia føyer seg til rekkja av land som ser til Noreg og etterspør vår kunnskap og erfaringar frå oppdrett, seier Rolf Engelsen. 

Ferskvassoppdrett

Malaysia har drive oppdrett på ein serie artar, i første omgang ferskvassfisk og reker i brakkvassanlegg. Dei er store på ferskvassfisken Tilapia, som takk vere det fine (og magre) kvite fiskekjøtet og rask vekst  er ein av verdas mest populære oppdrettsfiskar.

Norad finansierer prosjektet med ca. 6,5 millionar kroner, medan malaysiske styresmakter går inn med om lag same summen i kontantar og eigeninnsats. I Malaysia-prosjektet samarbeider Havforskingsinstituttet med fiskeridepartementet. Frå norsk side deltek også Mattilsynet og Fiskeridirektoratet. 

Les meir:

Kontaktpersoner

Rolf Engelsen
474 55 801