Hopp til hovedteksten
Karin Kroon Boxaspen
Karin Kroon Boxaspen.
Foto: Kjartan Mæstad
Utskriftsvennlig versjon

Ønskjer internasjonal akvakulturrådgjeving

Behovet for meir forsking for å sikre berekraft innan akvakultur og behovet for å få eit internasjonalt samarbeid innan akvakulturrådgjeving var sentrale tema då Karin Kroon Boxaspen heldt opningsforedraget på den årlege konferansen til Det internasjonale rådet for havforsking (ICES) i dag.

Foreløpig er det ikkje noko internasjonalt samarbeid innan vitskapleg rådgjeving om akvakultur-spørsmål. For å kunne gje råd til norske styresmakter samla Havforskingsinstituttet tilgjengeleg kunnskap i 2010 i rapporten ”Risikovurdering – miljøvirkninger av norsk fiskeoppdrett” som vert oppdatert kvart år. I rapporten blir det  mellom anna konkludert med at det er kunnskapsmangel innan enkelte område. Nokre av desse områda er smittespreiing og påverknad på ville populasjonar av andre sjukdomsframkallande organismar enn lakselus, effektar av medikament mot lakselus og andre framandstoff samt påverknad på pelagiske organismar.

Internasjonal rådgjeving

I ICES deltek forskarar frå ei rekkje land i arbeidet med å gje gode vitskaplege råd om korleis styresmaktene i dei ulike landa bør forvalte fiskebestandane sine. Ei rekkje forskarar frå Havforskingsinstituttet deltek i dette arbeidet, der dei mellom anna kjem med kvoteråd på fiskebestandar. Leiaren for Havforskingsinstituttet sitt program for forsking- og rådgjeving innan akvakultur, Karin K. Boxaspen, ynskjer seg no eit tilsvarande internasjonalt samarbeid om rådgjeving innan akvakultur.

- Sjølv om akvakulturproduksjon skjer innanfor kvart land si territorialgrense og dermed er eit nasjonalt spørsmål, ser vi at mange land beskriver dei same påverknadsfaktorane frå akvakulturproduksjonen og effektane av desse på miljøet rundt oppdrettsanlegga. Det betyr at vi kan hjelpe kvarandre med å kvalitetssikre forsking og overvaking som er gjort nasjonalt, samt lage allmenne råd om korleis ein bør overvake og kontrollere akvakulturproduksjon, seier Boxaspen.

Treng overvakingsprosjekt

For å kunne dokumentere mogelege effektar av fiskeoppdrett, treng ein kunnskap om kva som er vanleg i eit område og kva effekt ein påverknad har over tid. Slik kunnskap er foreløpig ein mangel både i Noreg og internasjonalt.

- Her i Noreg treng vi fleire langsiktige overvakingsprosjekt slik som vi har byrja med for lakselus og rømt fisk. I regjeringa sitt strategidokument for ei miljømessig berekraftig oppdrettsnæring står det at ein påverknad ikkje skal ha bestandsregulerande effekt, men det er komplisert å skilje dei ulike påverknadane frå kvarandre. Naturlege svingingar kan òg gi variasjon slik at å bestemme nøyaktig kva effekt ein bestemt påverknad har, er vanskeleg, og langsiktig overvaking blir derfor veldig viktig. I dag har Havforskingsinstituttet spesielt fokus på effektane av lakselus og rømt fisk, og effekten av organisk materiale på hard og djup botn, seier Boxaspen.

Meir om konferansen

Det internasjonale råd for havforsking (ICES) arrangerer kvart år ein konferanse som samlar fleire hundre forskarar frå heile verda. I år deltek nær 700 forskarar på ICES Annual Science Conference som blir arrangert i Bergen frå 17. til 21. september.

Les meir om konferansen (engelsk).

Kontaktpersoner

Beate Hoddevik
908 21 630