Hopp til hovedteksten
Hekki Holmås og Åsmund Bjordal
Utviklingsminister Heikki Holmås hadde med seg gode nyheiter då han vitja Fiskerifagleg Forum i Bergen. Åsmund Bjordal, direktør på fiskerifagleg senter for utviklingssamarbeid, er nøgd med løyvinga til nytt forskingsskip.   
Utskriftsvennlig versjon

Løyver pengar til ny ”Dr. Fridtjof Nansen”

– Gledeleg nytt for Havforskingsinstituttet, men enno viktigare for samarbeidslanda våre, seier Åsmund Bjordal etter at det vart kjent at regjeringa løyver 440 millionar kroner til eit nytt forskingsskip.

Det nye skipet skal stå klart i 2016. Då overtek det namnet og oppgåvene til dagens 20 år gamle ”Dr. Fridtjof Nansen”. Skipet har stått for storparten av økosystemtokta i regi av Nansen-prosjektet, som har drive fiskeribistand i ei rekkje land i den tredje verda sidan 1975.

Viktig for Nansen-prosjektet

Åsmund Bjordal er leiar for Fiskerifaglig senter for Utviklingssamarbeid på Havforskingsinstituttet, som driftar ”Dr. Fridtjof Nansen”. Instituttet har også ansvaret for dei vitskaplege resultata i Nansen-prosjektet, som nyleg vart plukka ut som ei av ti ”suksesshistorier” i FN sitt store matvareprogram. Bjordal peikar på at eit nytt forskingsskip er heilt avgjerande for ei vidareføring av Nansen-prosjektet.

– I dag skal vi driva forsking på fleire frontar: klima, havforsuring, økosystemforsking og marin biodiversitet. Eit moderne forskingsskip vil gjera oss i stand til å møta desse utfordringane.

nytt_skip.jpg

I tillegg til topp moderne utstyr for kartlegging og prøvetaking, skal det leggjast godt til rette for opplæring av lokalt forskarpersonell om bord på nye "Dr. Fridtjof Nansen". Illustrasjon: Wartsila.  

Framtidsretta bistandsarbeid

Målet om framtidsretta bistand og tverrfagleg forskingsinnsats om bord på nye ”Dr. Fridtjof Nansen” vert også trekt fram av utviklingsminister Heikki Holmås, som kom med nyhenda om forskingsskipet.

– ”Dr. Fridtjof Nansen” og Nansen-prosjektet er eit heilt konkret eksempel på ein internasjonalt anerkjent bistandssuksess. Med eit oppdatert skip kan vi vidareføra og utvida dette viktige arbeidet. Effektiv miljøovervaking og kartlegging av levande marine ressursar blir spesielt viktig med tanke på den aukande oljeaktiviteten utanfor kysten av Vest-Afrika, seier Heikki Holmås. Han understrekar også den viktige rolla fiskeribistand spelar i arbeidet med å bekjempa matmangelen i verda.