Hopp til hovedteksten
Havklima
Utskriftsvennlig versjon

Held kontroll på havklimaet

Den internasjonale havforskingsorganisasjonen ICES har ansvar for Nord-Atlanteren. Dei fysiske forholda i det enorme havområdet vert nøye overvaka, og takk vere lange tidsseriar kan forskarane tidleg plukka opp endringar i havklimaet. Trenden med varmare vatn i Nord-Atlanteren held fram, og det får blant anna konsekvensar for kvar fisken vel å vera.   

Manuel Barange, som leiar vitskapskomiteen i ICES, gjekk gjennom høgdepunkta frå det siste årets forskingsinnsats innleiingsvis på konferansen. Havklima er eit viktig forskingsfelt i organisasjonen, og Barange trekte fram fleire funn frå klimaforskinga i presentasjonen sin.

Minkar på isen

Trenden det siste tiåret er at Nord-Atlanteren fleire stader er blitt varmare og saltare. Høge temperaturar har mellom anna gitt seg utslag i færre isfjell og mindre isutbreiing i dei nordvestlege delane av havområdet.

Fisken flyttar på seg

Når temperaturen endrar seg påverkar det utbreiinga til ulike fiskeartar. Meir varmekjære artar frå sørlege strøk kan flytta nordover og breia seg over eit større område når temperaturen aukar. Fisk med ei nedre grense for trivselstemperatur kan også flytta på seg når nye område vert varme nok til at dei kan trivast der. I norske farvatn har det mellom anna vore tilfelle for sild og makrell, som dei siste åra i aukande grad har bevega seg frå norsk sone og over i Islandshavet.

Statusrapportar frå ICES

Ekspertgruppene i ICES arbeider med eit breitt spekter av tema: fysisk oseanografi, plankton, fisk, økosystem, forskingsteknologi osv. Dei ulike gruppene leverer statusrapportar frå sine forskingsfelt, og samarbeider også for å gje meir heilskaplege bilete av situasjonen i dei forskjellige delane av Nord-Atlanteren.