Hopp til hovedteksten
EMBS 2012
Torjan Bodvin (t.v.) og Erlend Moksness (t.h.) var vertskap for 150 marine forskarar frå 3. til 7. september. Katja Phillippart frå Nederland dokumenterte at det er teikn på effektar av klimaendringar i alle europeiske havområde. 
Utskriftsvennlig versjon

Framtidas hav på agendaen

Kjem bestandar og artar til å tilpasse seg globale endringar? Dette er eit av dei store spørsmåla marine forskarar stiller seg for tida. 150 marinbiologar frå 21 land diskuterte mellom anna dette når dei var samla i Arendal første veka i september.

Professor Thorsten Reucsh frå Kiel var ein av ni inviterte innleiarar på det 47. European Marine Biology Symposium. Reusch presenterte nye resultat frå forsking på korleis marine organismar tilpassar seg eit surare hav. Organismar med korte generasjonar, som alga Emiliania huxleyi, ser ut til å tilpasse seg raskare enn til dømes sjøgras frå Danmark som har lang reprodukstid. Resultata understrekar kor viktig det er å inkludere evolusjonære effektar av klimaendringar når ein studerer kva konsekvensar globale endringar har på økosystemet.

Katja Phillippart, som har leia EU-prosjektet Clamer, dokumenterte at ein allereie kan sjå effektar av klimaendringar i alle europeiske havområde. –Vi fann mange fleire teikn til klimaeffektar enn vi hadde venta då vi gjorde eit søk gjennom det som allereie finnest av data, sa ho. Artar er påvist i nye område og mindre is i nord opnar ikkje berre for skipstransport, men også for marine organismar. At gråkval er observert innerst i Middelhavet, er eit av dei mest spektakulære funna. Ho kunne og vise til ei undersøking som fortel at forskarar frå solide institusjonar er folk flest sin viktigaste kjelde til kunnskap om klimaendringar.

–Dette symposiet starta i si tid som ein arena der professorar og studentar kunne møtast i ei venleg atmosfære, fortel Torjan Bodvin som arrangerte symposiet saman med kollegaer i Flødevigen. 
–Deltakarane her kjem først og fremst frå forskingsverda og utgjer eit svært kvalifisert publikum, seier han.

Økologiske effektar av akvakultur og fiskeri og forvalting av kystressursar, mellom anna med fokus på marine verneområde, stod på agendaen saman med tema knytt til korleis det marine miljø responderer på klimaendringar.

Kontaktpersoner

Erlend Moksness
905 73 625