Hopp til hovedteksten
standlordag.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Forsking til folket

Som vanlig trekte Havforskingsinstituttet sin stand mykje folk under Forskingsdagane i Bergen og Tromsø. 

I år var instituttet til stades både utanfor og innafor det store teltet på Festplassen i Bergen. I Tromsø stod vi på fellesstand med blant andre Framsenteret. 

Forskningstorget_Sigrid2_lite.jpg

 

Sigrid Lind forklarar om livet i tareskogen for interesserte tilhøyrarar på forskingstorget i Tromsø.

Forutan den tradisjonelle standen inni teltet, stod det utstilt 20 flotte forskingsfoto langs Lille Lungegårdsvannet. Til utstillinga var det laga ein quiz, som vart flittig løyst av dei mange skuleelevane som deltek på Forskingstorget på fredagen og barnefamiliar og andre forskingsinteresserte som er målgruppa på laurdagen.

Fototutstilling

Det vakre vêret på laurdagen gjorde at mange tok seg tid til å stoppa og studera bileta frå Havforskingsinstituttet.    

Ein kongekrabbe, flybåren frå krabbetokt i nord, var trekkplaster på standen inne, der Gro van der Meeren (frå faggruppe økosystemprosessar) gjorde ein kjempeinnsats begge dagane. Laurdagen tok også Otte Bjelland (fiskeridynamikk) ei skikkeleg økt på torget.

 

Tromsøværingane kunne læra meir om tareskogen, og våre folk fungerte også godt på sambruket med Framsenteret som hadde issmelting som tema.