Hopp til hovedteksten
Sjostjerner_nett.jpg
Foto: Dmitrij Prozorkevitsj/Pinro
Utskriftsvennlig versjon

Mykje snøkrabbe aust i Barentshavet

– Det har vore ein eksplosjon i mengda snøkrabbe aust i Barentshavet, seier den russiske havforskaren Dmitrij Prozorkevitsj. I tillegg har dei russiske havforskarane fått store mengder sjøstjerner og kråkebollar i trålhala sine.

Prozorkevitsj var toktleiar om bord på det russiske forskingsfartøyet ”Vilnjus” under årets økosystemtokt i Barentshavet. Han seier at dei allereie i fjor såg mykje snøkrabbe aust i Barentshavet, men at den var ganske småfallen.

 

Snokrabber_nett.jpg

Det har vore ein eksplosjon i mengda snøkrabbe aust i Barentshavet, seier den russiske havforskaren Dmitrij Prozorkevitsj. (Foto: Dmitrij Prozorkevitsj/Pinro)

 

Større           

– I år fekk vi ikkje berre fleire eksemplar enn tidlegare, men dei var også større enn krabba vi har sett før. Dermed har den samla biomassen vokse kraftig det siste året, seier Prozorkevitsj. Han trur det kan ha samanheng med auka temperaturar ved havbotnen.
I den russiske sonen har dei også registrert ei anna endring under årets økosystemtokt.
– Vi har fått enorme mengder sjøstjerner og kråkebollar søraust i Barentshavet. Tidlegare kunne vi få omtrent 20 kg i eit hal. I år har vi hatt fleire trålhal med oppi 200 kg i halet, seier han.

snowcrab.jpg

Slik står snøkrabba fordelt i Barentshavet. (Kart: Pavel Krivosjeja/Pinro)

 

Endringar

Forskingskoordinator for økosystemtoktet, Lis L. Jørgensen seier at auka temperaturar, endring i salthaldigheit og endra næringstilgang verkar inn på dyrelivet på havbotnen.
– Det same gjer beitinga til den innvandra snøkrabba og tråling på havbotnen. Mange av botndyra har ikkje evne til å flytte på seg. Difor må dei tåle endringane i miljøet, eller dø. Slike endringar i miljøet og artssamansettinga på botnen følgjast over tid og fortel om kven som vinn og kven som forsvinn. Andre botndyr kan bevege seg og dermed flytte unna ugunstige område til stader som er gunstigare for dei, seier ho.
Jørgensen legg til at det er kjent at breie frontar med sjøstjerner kan bevege seg over havbotnen og etterlate seg store mengder av døde skjell.
– Dei er viktig byttedyr for sjøstjerna, fortel ho og legg til at forskarane i åra framover kjem til å følge nøye med på den store veksten i både snøkrabbe- og sjøstjernebestanden.

 

Sjostjerner_nett.jpg

Russiske havforskarar har fått enorme mengder sjøstjerner i fleire av tråhala sine i år. (Foto: Aleksandr Benzik/Pinro)

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Kontaktpersoner

Gunnar Sætra
916 11 414