Hopp til hovedteksten
Forskingsdagane UNG
Vi fyller havet med lyd, og i bassenget på studentsenteret fekk elevane kjenna korleis fisk og andre dyr opplever støy frå store skip og seismikkskyting.  
Foto: Kjartan Mæstad
Utskriftsvennlig versjon

I sitt rette element

Det har vore innspurt i Forskingsdagane, og våre folk har vore å finna på torg i Arendal, i basseng på Studentsenteret og på talentjakt i Akvariet.

På forskartorget i Arendal lørdag 29. september fekk små og store nysgjerrigperar koma i nærkontakt med ymse skapningar frå havet.

Artar i Arendal

Arendal

Stillehavsøstersen breier seg og var lørdag også å sjå på Havforskingsinsitutttet sin stand i Arendal. Anders Jelmert var blant Flødevigen-forskarane som tok ei økt på torget.  

Foto: Heidi Thygesen Fiskaa

Forskarne frå Flødevigen hadde kystsamfunn og truga  og trugande artar på programmet, og informerte elles generelt om Havforskingsinstituttet. Publikum fekk også demonstert korleis telemetri (lyttebøyer og akustiske merke) kan brukast for å kartleggja korleis hummar og torsk bevegar seg. 

Basseng i Bergen

”Forskningsdagane UNG”, som vart arrangert for første gang i år, samla 650 ungdomar frå ulike vidaregåande skular i og rundt Bergen. Elevane hadde tre etasjar med forskingsstasjonar, workshops og show å velja mellom på Studentsenteret.

Dei aller sprekaste tok oppmodinga frå gjengen frå observasjonsmetodikk og hoppa i bassenget, som for anledninga var utstyrt med undervasshøgtalar og ekkolodd frå Havforskingsinstituttet. Vel under vatnet fekk elevane oppleva korleis det er å vera fisk når det nærmar seg eit skip med stadig meir dur. Dei fekk også kjenna eit seismikkskot ”på kroppen”.

Talenttorskar

Køen til Researcher’s Night strekte seg frå Akvariet og langt opp i Haugeveien fredag kveld. Havforskingsinstituttet stilte med konkurransen ”Torske talenter”, og også her var det faggruppe observasjonsmetodikk som styrte showet.