Hopp til hovedteksten
Lodde
Lodde I Barentshavet
Utskriftsvennlig versjon

Gjev råd om lågare loddekvote i Barentshavet

Forskarane foreslår å kutta loddekvota for 2013 med litt over ein tredjedel – frå 320 000 tonn til 200 000 tonn. Nedgangen skuldast det høge beitepresset frå den store torskebestanden i same område.

Det er svært grøderikt i Barentshavet for tida. Torskebestanden er større enn på mange tiår, og den vesle laksefisken lodde har produsert sterke årsklassar fleire år på rad.

Opp for torsk, ned for lodde

Medan forskarane auka torskerådet med 25 prosent, går dei motsatt veg med lodda. For 2013 reduserer dei kvoterådet med 120 000 tonn. Forskar Bjarte Bogstad forklarar reduksjonen med den store torskebestanden som er oppjustert sidan i fjor. Truleg er det rundt 3,5 millionar tonn torsk i Barentshavet for tida. Loddemengda er berekna til vel 3,7 millionar tonn. 

Innslag av økosystembasert forvalting

– Loddebestanden har  vore nokolunde stabil dei siste 4-5 åra, og har tolt trykket frå dei veksande torske- og hysebestandane. Når vi no har oppjustert torskebestanden må vi ta høgde for det i lodderådet: Ein større torskebestand medfører auka beitepress på lodda, forklarar han, og legg til at det er eit innslag av økosystembasert forvalting i lodderådet.

– Dei siste femten åra har vi tatt omsyn til kor mykje lodde torsken et når vi kjem med våre forvaltingsråd om lodda.  

Ingen dramatikk

Lodda vert brukt både som mat til menneske og til produksjon av fiskemjøl og fiskeolje. Dei siste åra har den endelege kvoten alltid samsvara med kvoterådet. Loddekvoten er delt 60/40 mellom Noreg og Russland. Fiskeriet på norsk side er i hovudsak eit ringnotfiske. Japan har tradisjonelt vore den beste marknaden, men interessa er også på veg opp i Aust-Europa. 

Bogstad trur ikkje nedgangen i kvoterådet vil føra til stor dramatikk.

– Loddefangsten har vore noko lågare enn kvoten dei siste åra fordi Russland ikkje har fiska heile kvoten sin, forklarar han.

 


 

 

Heile rådet:

Lodde i Barentshavet

Toktresultat for lodde:

Sampling Manual

Kontaktpersoner

Bjarte Bogstad
924 22 352