Hopp til hovedteksten
Knoelhval
På undersiden av halefinnen har knølhvalen individuelle fargetegningar.   
Foto: Kjell Arne Fagerheim
Utskriftsvennlig versjon

Knølkvalen tankar opp for langferd

I sommarhalvåret syter knølkvalen for å få i seg maksimalt med mat frå dei produktive havområda i nord. Spekklaget frå sommarbeitet skal dekkja energibehovet under den nærare 8000 kilometer lange turen til Karibia, opphaldet der og returen til nordlege farvatn.

Dei siste åra har ein del knølkvalar gjort unna den siste beiteinnsatsen i svært så kystnære strøk. Publikumsobservasjonane har vore mange; både frå kajakkar og frå land er det meldt om nærkontakt med dei store sjøpattedyra.

Lokka av sild

Kvalforskar Nils Øien frå Havforskingsinstituttet fortel at det er silda som lokkar knølkvalen inn i fjordane.

– Denne sildebeitinga er knølkvalen si siste «opptanking» før han gjev seg ut på den lange vandringa til overvintringsområdet i Karibia. Når silda står så kystnært som ho har gjort dei to siste åra, kjem knølkvalen etter.

Merkeforsøk har vist at knølkval følgjer etter silda sørvest langs Vesterålen og vidare sørover langs kysten heilt til Lofotodden.

Utrøytteleg jakt etter mat

Ein knølkvalbestand på om lag 1000 dyr oppheld seg i Barentshavet og Norskehavet i sommarhalvåret. Kvalen tek heile havområdet i bruk. Tidleg på våren kjem han inn sørfrå til Norskehavet, og mange individ er då å finna nær kysten av Nord-Noreg. Utover i sesongen går ferda til områda rundt Bjørnøya. Når sommaren er på hell drar kvalen i nordaustleg retning og beitar på storlodda i området nord og aust for Hopen.

Knølkvalen jaktar systematisk og utrøyteleg etter mat heile sommaren igjennom. Truleg et kvalen så mykje som fem prosent av si eiga vekt kvar dag i beitesesongen. Ein knølkval kan vega opptil 30 tonn og bli mellom 12 og 15 meter lang.

Kalven lærer ruta av mor

Kvalane vandrar ganske direkte mellom beiteområdet og overvintringsområdet, og turen til Karibia tar omlag 3 månader kvar veg. I gjennomsnitt kjem kvalane fram til Karibia i månadsskiftet februar/mars. Vel framme har kvalen to ting på agendaen: kalving eller paring. Truleg er det evolusjonistiske grunnar til at knølkvalane føder ungane sine i akkurat dette området. Vatnet i tropane er varmt og grunt, og det er færre predatorar som er ute etter kalven.

Hoene som har fått kalv, oppheld seg i tropane til kalven er blitt stor nok til å klara transporten til beiteområdet. Kalven lærer seg mora sin vandringsveg til og frå beiteområdet; denne ruta vil han følgja lojalt resten av livet.

Kval på vidvanke

Knølkvalbestanden i Barentshavet har vore relativt stabil i mange år. Dei siste åra har det dukka opp knølkval langs heile norskekysten. Knølkval er også observert langs kysten av Nederland og Belgia. I 2008  vart det sett knølkval heilt inne i Austersjøen; ei hending som berre er registrert eit par gonger det siste hundreåret.

– Vi veit ikkje kvifor knølkvalen hamnar på vidvanke. Ofte endar desse turane utanom allfarveg med at kvalen strandar, fortel Nils Øien.     

Fakta om knølhval

Navn: Megaptera novaeangliae
Familie: Balaenopteridae
Størrelse:  Opptil 15 meter og 30 tonn
Levetid: Antakelig er maksimumsalderen minst 80 år
Leveområde: Alle verdenshav. I våre farvann opptrer den i Norskehavet og i Barentshavet.
Føde: Fisk og krill
Særtrekk: Knølhvalene har store iøynefallende framsveiver som i Atlanteren vanligvis er hvite – ”megaptera” betyr ”store vinger”.                 

Knølhval

Sett knølkval?

Sidan 1990 har Havforskingsinstituttet samla id-bilete av knølkvalhalar og biopsid-prøvar for DNA-studiar. Dei vert brukte til å undersøka vandring, bestandsstruktur og habitatbruk hos knølkval i Nordaust Atlanteren. Du kan bidra til forskinga ved å senda foto av undersida av knølkvalhalar med stad og dato til post@imr.no
 

Kontaktpersoner

Nils Øien
910 02 344