Hopp til hovedteksten
Protokoll_marsmote_2012_nett.jpg
UTVEKSLAR: Forskingsdirektørane Jurij Lepesevitsj (t.v.) og Reidar Toresen utvekslar dei underteikna protokollane om vidare forskingssamarbeid mellom Pinro og Havforskinga (Foto: Gunnar Sætra)
Utskriftsvennlig versjon

Fornya årleg forskingsavtale

Havforskingsinstituttet og Pinro i Murmansk har fornya den årlege forskingsavtalen mellom dei to institutta. Underteikninga fann sted på Senja denne veka.

Det russiske havforskingsinstituttet Pinro i Murmansk og den norske Havforskinga har hatt formelt samarbeid i 55 år. Samarbeidet omfattar mellom anna tokt, bestandsanslag, kvoterådgjeving osv. I protokollen blir det mellom anna skissert korleis den konkrete gjennomføringa av samarbeidet skal skje.


Breitt og djupt

Etter underteikninga la forskingsdirektør Reidar Toresen (Havforskinga) vekt på at den nye avtalen ikkje er noko gjennombrot, men heller ei vidareføring av et samarbeid som allereie er både breitt og djupt.
– Den nye avtalen legg opp til at samarbeidet skal utviklast vidare, men det ligg ikkje inne nokre store endringar frå dei tidlegare avtalene. Samstundes legg vi sjølvsagt opp til å forbetre oss der det trengst, sa Toresen.

 

Matnyttig forsking

Forskingsdirektør Jurij Lepsevitsj ved Pinro meiner at avtalen er viktig, og at den dannar eit godt grunnlag for det vidare samarbeidet mellom norske og russiske havforskarar.
– Det er også viktig å hugse på at vi ikkje driv med dette fordi vi forskarar er nysgjerrige på de som rører seg i havet. Vi arbeider først og fremst for å skaffe kunnskap som kan gje grunnlag for best mogleg forvalting av dei marine ressursane i nord. På den måten kan styresmaktene i Noreg og Russland sikre at fiskeressursane blir forvalte på ein berekraftig måte, meiner han.
 

Kontaktpersoner

Reidar Toresen
911 23 090
Gunnar Sætra
916 11 414