Hopp til hovedteksten
Lakselus paa fisk
Foto: R. M. Serra Llinares
Utskriftsvennlig versjon

Overvakar lakselus

Årets overvaking av lakselus på vill laksefisk har starta i fleire område og kjem til å bli trappa opp dei komande vekene. Sjølv om det er kome enkelte observasjonar om mykje lus på sjøaure i nokre område, er det for tidleg å seie noko om kor mykje lus det vil bli på vill laksefisk i år.

- Det er bekymringsfullt at lokale kjentmenn allereie har observert sjøaure med mykje lus og luseskadar som har tilbakevandra til ferskvatn for tidleg. Også våre eigne foreløpige undersøkingar har indikert for mykje lus på den første laksesmolten som vandrar ut av Hardangerfjorden. I tillegg har NINA observert mykje lus på nokre sjøaure i Møre og Romsdal, seier Pål Arne Bjørn som er prosjektleiar for lakselusovervakinga ved Havforskingsinstituttet.

Håpar på vellukka våravlusing

- Vi har håp om at den synkroniserte våravlusinga som er gjennomført langs størstedelen av kysten vår, skal redusere infeksjonsnivået av lakselus frå oppdretta og til vill laksefisk tilstrekkeleg. Då vil laksesmolten kome seg til havs utan for mykje lus samstundes som sjøauren ikkje blir for hardt råka på føresommaren, seier Bjørn.

Rapportar i juni og august/september

I løpet av perioden lakselusa blir overvaka, frå mai og ut august, leverer vi to foreløpige rapportar til Mattilsynet om korleis situasjonen er for både laks og sjøaure. I år kjem desse rapportane i løpet av juni og i august/september, deretter kjem ein endeleg rapport i desember.

- I juni-rapporten vil vi rapportere om korleis det har gått med laksesmoltutvandringa på Vestlandet og generelt om resultata av overvakinga på vill laksefisk nord til Trøndelag, fortel Bjørn. 

Både starten på overvakinga og tidspunkta for når dei ulike områda vert undersøkte, er avhengig av erfaring frå tidlegare år både med omsyn til lakselus og vill laksefisk. Overvakinga i Sør-Noreg startar tidlegare enn i Nord-Noreg sidan utviklinga til lakselus er avhengig av sjøtemperaturen, samstundes som vill laksefisk vandrar seinare ut i sjøen di lenger nord ein kjem.

Fakta om lakselus

Latinsk navn: Lepeophtheirus salmonis salmonis (Atlanterhavet), L. salmonis oncorhynchi (Stillehavet)
Utbredelse: Finnes naturlig i norske farvann. Omfanget har økt betraktelig i takt med veksten i oppdrettsnæringen.
Biologi: Lakselusen er en parasitt med åtte livsstadier fordelt på tre frittlevende, to fastsittende og tre mobile stadier. Slår seg ned på laksen i det tredje.
Størrelse: voksen hunn: 12 mm (ca. 29 mm inkludert eggstrenger), voksen hann: 6 mm.
Føde: Skinn og blod fra laksefisk. Lusene spiser først når de sitter på en vertsfisk (fastsittende og mobile stadier).
Formering: Hele året, men formerer seg hurtigere når temperaturen øker utover våren.
Spredning: Frittlevende stadier sprer seg via fjord- og kyststrømmer.
Bekjempelse: Biologiske midler (leppefisk) eller kjemikalier (legemiddel).

Lakselus

Fakta om oppdrett

Havforskningsinstituttet gir forvaltningsstøtte og kunnskapsbaserte råd til statsforvaltningen, i første rekke Nærings- og fiskeridepartementet og underliggende etater som Fiskeridirektoratet og Mattilsynet. Bak rådene ligger et omfattende arbeid med forskning og overvåking innen ulike
områder som miljøeffekter, smittespredning og dyrevelferd.

Oppdrett

Kontaktpersoner

Pål Arne Bjørn
976 17 140
Beate Hoddevik
908 21 630