Hopp til hovedteksten
Sei
Utskriftsvennlig versjon

Oppdrettsverksemda påverkar seien

I ein rapport til Fiskeri og havbruksnæringens forskningsfond kjem det fram klare indikasjonar på at oppdrettsverksemda i Ryfylke påverkar den ville seien i området. Forsøka har vist at ein stor del av seien held seg nær oppdrettsanlegg i lang tid, og at mange ikkje vandrar ut av området slik ein skulle forventa ut frå tidlegare kunnskap om biologien til sei.

Gjennom fleire merkeforsøk som Havforskningsinstituttet har gjennomført sidan våren 2010, i nært samarbeid med lokale aktørar i Ryfylkebassenget; oppdrettarar og fiskarlag samt Fiskeridirektoratet, har vi fått ny kunnskap om korleis den ville seien bevegar seg i området. Forsøka har blitt gjennomført ved at ca. 60 sei har blitt merka med eit merke som sender ut lydbølger som kan registrerast av lyttebøyar rundt i området. På denne måten får vi kunnskap om både kor fisken oppheld seg og kor djupt den sym. I tillegg har ca. 2000 sei blitt merka med ytre merke som kan oppdagast av yrkes- og hobbyfiskarar. Rapportar frå disse har gitt verdifull informasjon om kor seien vandrar. I tillegg til gjenfangstar frå nærområdet har vi fått gjenfangstar heilt frå Nordsjøen og Island, noko som viser at også ein del av seien vandrar langt, i tråd med det ein tidlegare har observert.

Det er ynskjeleg å gjennomføra ein vidare kvantifisering av omfanget av seien sin tilknytting til oppdrettsanlegg langs norskekysten, og eventuell innverknad på seibestanden generelt.

Merka sei?

Vi er framleis svært interessert i å få tilsendt informasjon frå dei som eventuelt får merka sei.

Kontaktpersoner

Håkon Otterå
950 65 762