Hopp til hovedteksten
Torskelarver
Torskelarver. Den minste larven er fôret på rotatorier.
Foto: Ørjan Karlsen
Utskriftsvennlig versjon

Naturleg fôr best for torsken

I løpet av våren er det produsert milliardar av små krepsdyr (copepodar) i sjøvasspollen Svartatjern i Austevoll. Desse små planktondyra har ei heilt avgjerande rolle i eit forsøk som viser at torskelarvar får betre vekst, meir normal farge og vert større enn vanlege oppdrettslarvar dersom dei får slikt naturleg plankton som fôr.

Krepsdyra i Svartatjern består av fleire ulike artar og har ulik storleik. Dermed kan torskelarvane få fôr som er tilpassa storleiken sin. Det vanlege i oppdrett av torskelarvar er at dei vert fôra med to artar levande fôr, fyrst hjuldyr (rotatorier) og så krepsdyret Artemia som er noko større. Dette vert kalla intensivt oppdrett i motsetnad til oppdrett av torskeyngel direkte i poll som vert kalla ekstensivt oppdrett. Etter Artemia går dei over til tørrfôr på eit tidspunkt der torskelarvar i naturen framleis berre et copepodar.

Styrer næringskjeda

I Svartatjern kan forskarane styre næringskjeda. Dermed stoppar den med copepodane, i motsetnad til i naturen der den fortsett med mellom anna maneter og fisk som igjen er mat for større dyr. Det vert nytta kunstgjødsel for å auka produksjonen av planteplankton som er viktigaste maten for copepodane.

For å fange copepodane i pollen brukar forskarane eit filtersystem som kan hente ut så mykje krepsdyr som dei treng i ein bestemt storleik. Deretter vert krepsdyra overført til kara med torskelarvane slik at dei kan forsyne seg av godsakene.

- Kar med torskelarvar som får copepodar frå Svartatjern og kar med dei som får det vanlege larvefôret for oppdrettsfisk er plassert saman på ein slik måte at dei har like forhold med tanke på oppdrettsmiljø, mellom anna temperatur og lys, fortel Terje van der Meeren.

Svartatjern

Både det naturlege fôret og det intensive ”oppdrettsfôret” til torskelarvar må produserast der det skal brukast. Hjuldyr og Artemia kan produserast i store mengder med forholdsvis enkle metodar. Dei finst ikkje naturleg i våre havområde og inneheld andre næringsstoff enn copepodane som torskelarvar beitar på i naturen.

- Innan torskeoppdrett har mellom anna produksjonen av yngel med god kvalitet vore eit problem, og no undersøker vi om torskelarvane får betre overleving og veks til ein sterkare yngel dersom dei får det naturlege fôret dei er tilpassa å ete, seier van der Meeren. Forskjellane vert studert heilt ned på molekylært nivå, der ein kartlegg kva genar som aktiverast gjennom utviklinga av torskelarven.

Også nokre kommersielle torskeoppdrettarar har produsert torsk ved hjelp av pollar med naturleg samansetnad av krepsdyr. Deira erfaring tyder på at denne fisken får betre kvalitet enn den som er oppdretta med anna fôr, og det er noko av bakgrunnen for forsøket som no går i Austevoll. Forsøket vert utført som ein del av CODE-prosjektet (Cod developement). CODE vert leia av UiB, og har i tillegg deltakarar frå Havforskningsinstituttet, Nifes, Nofima, UiT, UiN, NTNU og Uni Research. Det er finansiert av Norges Forskningsråd og varer ut 2014.