Hopp til hovedteksten
Tobis
Tobis er eit samleomgrep for fleire artar innan silfamilien. Havsil er viktigast for fiskeriet i Nordsjøen.
Utskriftsvennlig versjon

Dårlig tobisrekruttering – ingen kvoteauke

Den førebels tobiskvoten for 2012 er på 40 000 tonn i norsk sone. Elendig rekruttering to år på rad og nye toktresultat gjer at Havforskingsinstituttet rår frå å auka kvoten.

I kvoterådet frå instituttet heiter det også at områda 4, 5 og 6 (nord i den norske delen av Nordsjøen ) blir verande stengde. Det betyr at det er fiske i tre av dei seks tobisområda i norsk økonomisk sone.

Tobisen er en nøkkelart i Nordsjøen, og den vesle åleforma fisken er  viktig mat for sjøfugl og ei rekkje fiskeartar. Danmark og Noreg dominerer i tobisfiskeriet, med Danmark som største aktør. Tobisen vert i all hovudsak brukt til olje og mjøl. Fangstane låg over 800 000 tonn på heile 1990-talet, men sidan 2002 har dei vore markant lågare. I fjor hadde det norske tobisfisket ein fangstverdi på 196 millionar kroner.

Kvoterådet for 2012

Toktrapport og råd 2012

Kontaktpersoner

Espen Johnsen
906 06 394