Hopp til hovedteksten
Hiver_fisk_i_karet_nett.jpg
Det var fin størrelse på skreien som blei tatt under prøvehalet utenfor Skrova. (Foto: Gunnar Sætra)
Utskriftsvennlig versjon

Rekordstort torskeråd

Torskebestanden i Barentshavet er større enn på mange tiår, og for neste år foreslår forskarane ein kvote som nærmar seg 1 million tonn.

Det internasjonale rådet for havforsking (ICES) har levert sine kvoteråd for 2013 for dei arkitske bestandane av torsk, sei, hyse, vanleg uer, snabeluer, kysttorsk og blåkveite.  

For nordaustarktisk torsk har forskarane gjeve eit kvoteråd på 940 000 tonn (norsk kvote vil utgjere om lag 400 000 tonn). Det ein auke på 189 000 tonn frå 2012-rådet (751 000 tonn), og vil venteleg gje det største fisket på nærare 40 år.

Større bestand, større kvote

– Torskebestanden  er oppjustert og det viser att i kvoterådet. Vi visste at 2004- og 2005-årsklassane var gode, men ikkje at dei var så sterke som det no ser ut til. Vi har både i fjor og i år funne svært mykje av desse årsklassene som no er 7 og 8 år gamle, fortel forskar Bjarte Bogstad på Havforskingsinstituttet. 

Forskarane ser for seg at det totalt er rundt 3, 5 millionar tonn torsk i Barentshavet. Det er Noreg og Russland i fellesskap som forvaltar denne bestanden. Rekna om i meir handterlege storleikar går det an å seia at kvar nordmann har ståande vel 300 kilo torsk i havet. Med den norske 2013-kvoten vil det bli ført i land ca. 80 kilo torsk per nordmann. I fjor hadde det norske torskefisket ein førstehands fangstverdi på 3, 9 milliardar kroner.       

Torskeklondyke

Vi må attende til 1974 for å finna eit fiske tilsvarande det som 2013-rådet legg opp til,. Den gangen var fisket ikkje kvoteregulert. Det var nærmast klondykestemning; torsken vart ”ausa” opp når den vart stor nok til å bli fiska, fortel Bogstad, som er nøgd med at det no for det meste er stor og vaksen fisk som vert fanga.

– Det er meir fornuftig forvalting av bestanden, sidan den yngre fisken får vera i fred og kan bidra til gytebestanden. I tillegg er det slik at stor fisk gjev lågare kostnad ved fiske og oppnår betre pris per kilo.

Nok mat til torsken

Frå ein økologisk ståstad ser det så langt ut som økosystemet toler den store torskebestanden, seier Bogstad.

– Mellom anna har temperaturen i Barentshavet vore over gjennomsnittet i ein lang periode, slik at både torsken og byttedyra har kunna fordela seg over eit større geografisk  område – åkeren har blitt større som ein bonde ville sagt det. Det har vore ein viss nedgang i den individuelle veksten hos torsken, noko som ein kunne venta når bestanden er så stor. Byttedyrbestandane har derimot vore nokså stabile dei siste åra.

Verre og betre for ueren

Det er også gjeve råd for dei to uerartane i norske farvatn, vanleg uer og snabeluer. Bestanden av snabeluer er større enn ein tidlegare har trudd, og rådet for snabeluer er på 47 000 tonn. Dei siste åra har forskarane tilrådd at det ikkje skulle vere noko direkte fiske, men totalfangsten i 2011 og 2012 låg på rundt 12 000 tonn.

Utsiktene er ikkje lyse for vanleg uer. Bestanden minkar stadig, men likevel er det fiska 6000–7000 tonn årleg dei siste åra. Forskarane held fast på rådet om stopp i alt direkte fiske, og bed om strengare vern for bestanden. Dersom fangstane held seg på same nivå ventar forskarane ein kollaps i bestanden innan ti år.  

    

Her finn du kvoteråda:

ICES-råd for arktiske bestander