Hopp til hovedteksten
Forskere om bord i Dr. Fridtjof Nansen
De store datainnsamlingene og miljø- og ressursundersøkelsene på "Dr. Fridtjof Nansen" har vært en kjerneaktivitet i Nansen-prosjektet.  
Utskriftsvennlig versjon

Norsk fiskeribistand inn på ti på topp-liste

 I sterk konkurranse med bistandsprosjekt frå heile verda har Nansen-prosjektet, som har sitt utspring i Havforskingsinstituttet, fått status som ei av ti FAO suksesshistorier.

FAO – FN sitt matvareprogram har nett offentleggjort lista over sine ti mest vellukka bistandsprosjekt. For å verta ”FAO Success Story” må prosjektet ha hatt positiv, målbar effekt både lokalt og regionalt. I tillegg vert det lagt vekt på berekraft, kompetansefremjing og overføringsverdi.

Tøff konkurranse

– FAO er eit svært omfattande program i FN-systemet, og det er stort at Nansen-prosjektet når opp i ein så tøff konkurranse, seier Åsmund Bjordal, som leier Fiskerifaglig senter for Utviklingssamarbeid (CDCF) på Havforskingsinstituttet.
Internasjonalt går Nansen-prosjektet under namnet ”The EAF-Nansen Project”. EAF står for Ecosystem Approach to Fisheries.

Globale utfordringar

Havforskingsinstituttet driv forskingsfartøyet ”Dr. Fridtjof Nansen” og har ansvaret for dei vitskaplege resultata i Nansen-prosjekt. Norad/Utenriksdepartementet står for finansieringa og FAO sørgjer for avtalar med ulike land. Sidan oppstarten i 1975 har Nansen-prosjektet drive med fiskeribistand i ei rekkje land i den tredje verda.

– Noreg har rike fiskeritradisjonar, og vi har kome langt når det gjeld god forvalting av fiskeria våre. I Nansen-prosjektet bidrar vår kunnskap og kompetanse til ei meir berekraftig hausting også i andre land. I åra som kjem vil prosjektet i større grad dreia verksemda mot globale utfordringar som effekt av klimaendingar, havforsuring og kartlegging av marinbiologisk mangfald, seier Bjordal.  

                

Om prosjektet:

Kontaktpersoner

Åsmund Bjordal
906 96 701