Hopp til hovedteksten
Observasjonsplatformer
Oversikt over eit akustikk basert overvakings system sett saman av økosystemmodell (a), og platformer med akustisk intrumentering (b), bøyer; (c), ship-of-opportunity; (d) forksingsfartøy med (e) prøvetakingsutstyr; (f), kabel basert observatorie; (g), autonom undervassfarkost eller glidar; (i) sjølvgåande bøye; (j) profilerande bøye. (h) viser organismane vi er interessert i , som typisk vandrar vertikalt i vassøyla som funkjson av lys (dette er indikert med auka lysnivå frå venstre til høgre i figuren).
Utskriftsvennlig versjon

Knyter saman kunnskap om næringskjeda

Vi har i dag mykje informasjon om ulike delar av økosystema til havs, men ikkje alle delar av næringskjeda er like godt dekka. Bruk av ekkoloddmålingar saman med datainnsaling frå bøyer, skip, og glidarar kan vera med å fylla dette gapet, argumenterer forskarar i ein artikkel publisert i Fish and Fisheries.

Artikkelen er ein såkalla Gothi-artikkel der forskarane står friare enn vanleg til å diskutera nye innfallsvinklar og idear.

- Vår forståing av økosystema byggjer på kunnskap om prosessane som ligg til grunn. Fysiske havmodellar og biologiske modellar for dei lågare trofiske nivåa (trofisk nivå er plasseringa i næringskjeda) hjelper oss til å forstå denne dynamikken, og det er over lang tid utvikla ulike sensorsystem for å testa og forbetra desse modellane. For dei fysiske straummodellane har til dømes observasjonsbøyar, satellittmålingar og målingar frå fartøy vore viktige for utviklinga. For dei trofiske nivåa som vert hausta, slik som fiskebestandar, eksisterer det fangstdata og i nokre tilfelle data frå forskingsfartøy. I den seinare tida er det utvikla modellar som har som ambisjon å knyta dette saman og modellera heile det trofiske hierarkiet. Men mellom hausta bestandar og dei lågare trofiske nivåa eksisterer det ikkje tilsvarande observasjonssystem for å validera modellane, seier Nils Olav Handegard, ein av forskarane som har bidratt til artikkelen.

Målet er å tetta dette gapet, slik at vi får informasjon om alle ledda frå botn til topp i næringskjeda.

Hjelp frå ekkolodd

I dag er ekkolodd saman med prøvetaking med trål i utstrakt bruk til måling av fiskebestandar vha forskingsfartøy, men den siste tida er det utvikla fleire observasjonsplattformer som tar i bruk ekkolodd på meir eller mindre stasjonære installasjonar så vel som på sjølvgåande farkostar (sjå illustrasjon). Desse observasjonssystema saman med dei nye modellane  hjelper til med å fylla kunnskapsgap og gap i datatilfang som trengs for modellere økosystemet over fleire trofiske nivå.

- Den kontinuerlege datastraumen høver dei nye modellane svært godt, men tolkinga av data utan tradisjonell prøvetaking er ikkje triviell. Artikkelen peikar på fleire mogelege løysingar på dette problemet, seier Handegard.

Nyttig akkustikk

Mellom løysingane er bruk av multifrekvensakustikk og fiskeåtferd, der signalet mellom ulike frekvensar og ulik åtferd kan brukast til å skilja artar og artsgrupper, men dette er ikkje tilstrekkeleg.

- I tillegg foreslår vi å definera små område der ein observerer med konvensjonelle metodar og etablerer eit kalbireringspunkt mellom akustikk og modellane. Men problemet må og adresserast frå modellane, og ved å simulera korleis akustikken vil sjå ut gitt eit modellresultat, kan ein samanlikna dette direkte med akustikkdata utan å bestemma kva artsgruppe akustikken representerer, seier forskaren.