Hopp til hovedteksten
Torsk
Utskriftsvennlig versjon

Lågare kvoteråd for nordsjøtorsken

Medan havforskarane gav rekordråd på nærare ein million tonn for torsken i Barentshavet, går det motsatt veg for torsken i Nordsjøen. Torske-rådet går ned med over 6000 tonn; frå 31 800 til 25 441 tonn.
 

Kvoteråda frå Det internasjonale råd for havforsking, ICES, er no klare for bestandane i Nordsjøen. ICES rår til at torskevoten vert sett ned, medan det er foreslått ein viss auke for for sei, hyse, kvitting og raudspette.

Låge tal for nordsjøtorsken

Sjølv om det er registrert ein viss framgang dei siste åra, er tala framleis kritisk låge for torskebestanden. Mellom anna har det vore sviktande rekruttering sidan 2000.  

Fisket på torsk i Nordsjøen var på topp på byrjinga av 1970-talet. Sidan tidleg på 1980-talet har fisket gått kraftig ned. I 2011 vart det totalt fanga 27 000 tonn torsk i  Nordsjøen og Skagerrak. Norske fiskarar  stod for 4500 tonn til ein verdi av ca. 50 millionar kroner.     

Det er vanskeleg å skilja dei ulike torskestammene i Nordsjøen, Skagerrak og Den østlege engelske kanal frå kvarandre, og derfor vert dei behandla som ein bestand når totalkvoten skal bereknast.

Kontaktpersoner

Irene Huse
412 51 661