Hopp til hovedteksten
Stimstruktur
Stimstruktur under predasjon.(Illustrasjon henta frå artikkelen.)
Utskriftsvennlig versjon

Studerer stimfiskens overlevingstaktikk

Stimfisk søker vern ved å samla seg i store stimar. Predatorane som lever av denne fisken, går til angrep på linje for å splitte opp stimen og skape uorden i rekkene. Med nyutvikla teknikk som tar i bruk høgfrekvent sonar, kan forskarane no analysera åtferda til enkeltfisk inne i ein stim så vel som åtferda til predatorane.

Dei fleste av oss har sett filmar av stimande fisk og er fascinert av dynamikken og strukturen. Stimen ser ut til å oppføra seg som ein organisme. Når ein stim er under angrep frå rovfisk eller andre predatorar, er denne dynamikken spesielt kraftig.

- I den seinare tida har det vore forska mykje på korleis fisk og andre dyr som lever i grupper får dette til. Det er laga modellar som viser at relativt enkle reglar på enkeltindividnivå kan føra til komplekse strukturar på gruppenivå, og det er gjort studiar i laboratorie og i felt for å testa desse modellane, seier forskar Nils Olav Handegard ved Havforskingsinstituttet.

Avhengig av nabovarsel

- Fisk i ein stim får informasjon gjennom åtferda til nabofisk, og slik kan informasjon flyta frå fisk til fisk gjennom stimen. Dersom ein fisk vert skrømt, til dømes frå eit angrep av ein predator, vil reaksjonen spreia seg gjennom stimen, forklarer Handegard.
Forskarane meiner stimen er i ein kritisk fase mellom stabilitet og ustabilitet, og det har vore nytta modellar frå fysikken for å beskriva dette fenomenet. Det er og vist at informasjonsflyten gjennom stimar er uavhengig av storleik på stimen, det vil seia at i ein stor stim vil denne informasjonsflyten gå over større avstandar enn i ein liten stim.


Videoabstrakt av artikkelen.

Filmar med lyd

Forskarane i CollPen-prosjektet som Handegard leiar, har utvikla ein teknikk der ein nyttar høgfrekvent sonar til å studera åtferda til enkeltfisk inne i ein stim i tillegg til åtferda til predatorane. Dette akustiske kameraet vart brukt til å ”filma” sjøaure i Mexicogulfen som jakta på Gulf menhaden, som er viktig art for den lokale fiskerinæringa.

- Ekkogramma eller opptaka har gjort det mogeleg å kvantifisera interaksjonane mellom byttedyra i tillegg til interaksjonane mellom predatorar og byttedyr. Tidlegare studiar har berre sett på gruppestruktur i relasjon til predasjon i felt, forklarar forskaren som forventar at ein vil sjå tilsvarande oppførsel for sild og andre stimfiskar i våre farvatn.

På same måte som dei teoretiske studiane finn forskarane ein meir effektiv informasjonsflyt i større stimar, men dei finn og at predatorane nyttar koordinerte angrep for å bryta ned denne strukturen.

Oppsplitting av stimane

- Predatorane, som kjem i ein linjeformasjon, fører til oppsplitting og meir irregulær stimstruktur. I mindre stimar er informasjonsflyten mindre effektiv, og i tillegg er graden av koordinasjon, som òg er eit mål på informasjonsflyt, redusert når stimen er under predasjon, seier Handegard.

Han er blant forfattarane av ein viteskapleg artikkel i det fagfellevurderte tidskriftet ”Current biology”. Her konkluderer ein med at predatorar som angrip reduserer informasjonsflyten til stimfisk, og at strategien predatorane nyttar er med på å motverka den effektive strategien til stimande fisk.