Hopp til hovedteksten
Fang og slepp av torsk
Fisken har større sjanse for å overleva dersom han vert skånsamt behandla: Frigjør helst fisken frå kroken i vatnet. Bruk våte hender og støtt godt opp om fisk som må på land, rådar Keno Ferter.
Foto: Martin Wiech
Utskriftsvennlig versjon

Overlever torsken fang-og-slepp?

Fisketuristane slepp ut meir torsk og annan fisk enn dei tar med seg i land. No vil forskarane finna ut kor mykje av fisken som hamnar tilbake i sjøen som faktisk overlever.

Havforskingsinstituttet skal i gang med to nye fisketurisme-forsøk i august. Det eine er ein overlevingsstudie for torsk fiska på stang. I det andre forsøket vert det sett nærmare på samanhengen mellom fiskereiskap (sluk) ved torskefiske og bifangst av andre arter.

Slepp ut store mengder

Keno Ferter er doktorgradsstudent på Universitetet i Bergen og Havforskingsinstituttet. Tidlegare har han kartlagt praksisen med fang-og-slepp blant fisketuristar. Truleg så mykje som 60 prosent av sei, torsk og hyse fanga av fisketuristane i Nord Noreg vert sleppt ut igjen. Ser ein på bedriftssektoren i Nord Noreg åleine kan fisketuristane ha sett ut att så mange som ein million torskar (tal frå 2009). Fang-og-slepp er utbreitt også elles langs kysten.

Torsk fiska på stang

Undersøkinga seier ikkje noko om korleis det går med fisken etter at han er tilbake i sjøen. Keno Ferter skal no undersøkja overlevingsraten hos fang-og-slepp-torsk som er fiska på stang. 

– Korleis fisken klarar seg etter fang-og-slepp vil variera frå art til art og etter storleiken på fisken. Elles er overlevinga avhengig av faktorar som temperatur, djup og eventuelle skadar fisken har fått, forklarar han.

Minst 300 torsk er med i forsøket. Torsken vert fiska frå ein vanleg utleigebåt og frakta til ein merd, der den vert nøye overvaka i minst ei veke. Det same skjer med ei kontrollgruppe av torsk som er fanga i teiner.   

Viktig for bestandsberekninga

Torsk er, saman med kveite, målart i fisketurisme-studiane. Torsk og kveite er populære blant fisketuristar og fritidsfiskarar. Korrekt kunnskap om totalfangstane til fisketuristane er viktig når forskarane skal gjera bestandsberekningane for dei ulike artane langs kysten. Fisketuristane sine landingar åleine gjev ikkje eit eksakt bilete av kor mykje fisk som døyr som følgje av fisketurisme. Dersom ein stor del fisk døyr av fang-og-slepp vil det påverka det totale uttaket til fisketuristane. Er overlevinga høg vil omfanget ha mindre å seia for totalfangsten.

Betre retningslinjer

Kunnskap om overlevingsraten er viktig for bestandsberekningane. Vonleg vil forsøket også resultera i nye, fyldigare retningslinjer for god fang-og-slepp-praksis. Det finst uspesifiserte retningslinjer alt i dag, men Keno Ferter påpeikar at det trengs meir detaljert informasjon som kan hjelpa fisketuristane å behandla fisken riktig og å avgjera om den vil overleva turen tilbake i sjøen.

Keno Ferter skal også undersøkja om det er råd å få ned bifangsten av småsei hos fisketuristar som fiskar torsk. Tal frå 2010 og 2011 viser at heile 80 prosent av seifangsten vert sleppt ut att i Nord-Norge. Ferter skal fiska i ei veke og prøva ulike typar sluk for å finna ut kva for ein type som gjev minst bifangst av sei.     

Fakta fang-og-slepp

• Skjer først og fremst fordi fisken er for liten og/eller under minstemål

• Ein annan grunn kan vera at fisketuristane har fiska opp kvota på 15 kilo

• Vert av mange fisketuristar reknar som dyrevenleg og bra for miljøet

• Fisken kan få skade frå fiskekroken og opphaldet på land og døy direkte av skadane

• Fisken kan også døy etter ei stund av di den får vanskar med å ta til seg mat og vert eit lett bytte for andre rovdyr

• Studiar i andre land viser at overlevelsen aukar betydelig ved riktig behandling av fisken og bruk av spesielt utstyr

Kontaktpersoner

Keno Ferter
941 03 552