Hopp til hovedteksten
Torskeyngel
Torskeyngel.
Foto: Illustrasjonsfoto, Havforskingsinstituttet
Utskriftsvennlig versjon

Forlik med Nærøysund

Staten har kome til ei minneleg løysing med Sparebanken Sogn og Fjordane på vegne av kreditorfellesskapet etter Nærøysund-konkursen.

Nærøysund AS gjekk konkurs i 2009. I 2006 kjøpte Nærøysund torskeyngel frå Havforskingsinstituttet. Fisken fekk seinare påvist Francisella og måtte slaktast. Nærøysund har hevda at torskeyngelen dei kjøpte frå Havforskingsinstituttet var smitta ved kjøpet.

Det har i lang tid vore dialog mellom partane med mål om å klårgjere saka. Basert på denne dialogen har partane nyleg lukkast med å finne fram til ei minneleg løysing.

Havforskingsinstituttet ser at Nærøysund kunne vore betre informert om sjukdomstilhøva i instituttet sitt produksjonsanlegg etter at ein hausten 2006 såg teikn til at det kunne vere Francisella i anlegget.

Difor har staten no kome til ei minneleg løysing med Sparebanken Sogn og Fjordane på vegne av kreditorfellesskapet.

Staten seier seg lei for konsekvensane saka har fått.

Kontaktpersonar:

Havforskingsinstituttet: administrerande direktør Tore Nepstad, mobil: 993 28 602

Sparebanken Sogn og Fjordane: Roger Svarstad, mobil: 48 16 70 64
Asgeir Bjørdal, mobil: 48 16 70 68

Aksjonærane: advokat Halfdan Mellbye, mobil: 41 91 67 31


 

Kontaktpersoner

Tore Nepstad
993 28 602