Hopp til hovedteksten
formidlingsprisen
Dei glade og overraska prisvinnarane Karin Kroon Boxaspen og Kjell Nedreaas flankert av administrerande direktør Tore Nepstad og kommunikasjonsdirektør Kari Østervold Toft.
Foto: Kjartan Mæstad
Utskriftsvennlig versjon

Formidlingspris til Karin og Kjell

God innsats over fleire år vog tungt då Karin Kroon Boxaspen og Kjell Nedreaas vart tildelte Havforskingsinstituttet sin formidlingspris for 2011.

Dei to forskarane har lang fartstid på Havforskingsinstituttet. Karin Kroon Boxaspen er leiar for akvakulturprogrammet. Kjell Nedreaas tilhøyrer fagruppa fiskeridynamikk, og har dei siste åra mellom anna vore sentral i arbeidet med raudlista og referanseflåten.

Mellom forsking og forvalting

Kjell Nedreaas har arbeidd mykje i skjeringspunktet mellom forsking og forvalting, og juryen trekkjer spesielt fram evna han har til å forklara kompliserte ting på ein enkel måte.

Også Karin Kroon Boxaspen har den, tidvis, utakknemlig jobben å stå i krysselden frå forvaltarar og næringa. Om henne seier juryen mellom anna at ho har ein solid fagkompetanse og maktar å visa korleis akvakulturforskinga er relevant for samfunnet.

Dei to deler prisen på 10 000 kroner og fekk i tillegg diplom og bokgåve. Maren Esmark frå Miljøvernavdelingen, Fylkesmannen i Oslo og Akershus, journalist Asle Rønning frå forskning.no og Dag Lindebjerg fra NRK sit i juryen.

Pris for risikovurdering

Årets rådgjevingspris gjekk til hovudforfattarane av risikovurderinga av norsk fiskeoppdrett: Geir Lasse Taranger, Karin Kroon Boxaspen, Abdullah S. Madhun og Terje Svåsand. Rapporten kom ut for første gong i fjor, og vil koma i reviderte utgåve kvart år.
Juryen seier mellom anna at risikovurderinga alt har oppnådd status som eit verk med stor autoritet.

Rådgivningsprisen

Prisen for godt rådgjeving gjekk til Terje Svåsand , Abdullah S. Madhun, Karin Kroon Boxaspen og Geir Lasse Taranger for arbeidet med risikovurderinga. Prisen vart overrekt av forskingsdirektør Ole Arve Misund (t.h) og Administrerande direktør Tore Nepstad.  

Foto: Kjartan Mæstad

Publikasjonsprisen

Det kom 13 forslag til prisen for årets beste publikasjon. Juryen nominerte tre artiklar og blant dei vann ”Development of Atlantic cod (Gadus morhua) exposed to produced water during early life stages: Effects on embryos, larvae, and juvenile fish”. Artikkelen har Sonnich Meier som hovudforfattar, og tar for seg korleis egg og larver frå fisk vert påverka av hormonhermande stoff i produsert vatn frå oljeverksemd.

I grunngjevinga frå juryen heiter det at artikkelen på ein grundig og systematisk måte kastar lys over dei biologiske konsekvensane av eit potensielt alvorleg miljøproblem.   

Publiasjonsprisen

Årets publikasjonsprisvinnar, Sonnich Meier, heldt eit kort foredrag om korleis fiskeegg og -yngel reagerer på hormonhermande stoff i produsert vatn.  

Foto: Kjartan Mæstad

Dei to andre nominerte artiklane var “The three-dimensional prey field of the northern krill, Meganyctiphanes norvegica, and the escape responses of their copepod prey” (Abrahamsen, M.B., Browman, H.I., Fields, D.M. and Skiftesvik, A.B) og “The acoustic identification of Atlantic mackerel” av Rolf Korneliussen.

Prisane vart delte ut under Havforskningens dag, som er eit årleg arrangement for alle tilsette på Havforskingsinstituttet. Blant dei eksterne innleiarane i år var Fiskeridirektør Liv  Holmefjord og Harald Gjein, som er administrerande direktør i Mattilsynet.