Hopp til hovedteksten
Hardangerfjorden
Utskriftsvennlig versjon

Vintervarmt i Hardangerfjorden

I Hardangerfjorden er vatnet for tida fleire grader varmare enn det som er målt dei to føregående åra. Det kan koma til å bety høg lakselusproduksjon i vinter.

Medan vatnet i overflatelaget stort sett er kaldt (mellom 5,5 og 3,5 grader), byrjar temperaturen å stiga frå 5 meters djup og vidare nedover. Det er varmast midtfjords, der det einskilde stader er målt over 9,5 grader (25 meters djup). 

Vatnet i overflaten varierer mest fordi det er utsett for temperaturtilhøva på land. I djupet er det meir stabilt, og derfor er det desse målingane som viser langvarige trendar, forklarar forskar Lars Asplin.

Kan påverka lakselusa

Sjøtemperaturane er relevante for tilhøva i laksemerdane. Studiar har vist at utviklinga av eit lakselusegg er påverka av temperatur. Ved 4,5 grader vil det ta 20 dagar for eit lakselusegg å klekkja. Når temperaturen stig opp mot 7-8 grader går det dobbelt så raskt, forklarar Lars Asplin. Dermed kan høg temperatur bidra til å halda lakselusproduksjonen på eit høgt nivå.   

- Så langt i år får vi inga drahelp frå kaldt vatn, som kan halda lakselusproduksjonen nede. Men det er for tidleg å seia noko sikkert om lakselussituasjonen; det er mange forhold som spelar inn. Det kan til dømes koma kuldeperiodar i mars slik vi har sett i tidlegare år, seier Lars Asplin.   

 

 

Fakta om lakselus

Latinsk navn: Lepeophtheirus salmonis salmonis (Atlanterhavet), L. salmonis oncorhynchi (Stillehavet)
Utbredelse: Finnes naturlig i norske farvann. Omfanget har økt betraktelig i takt med veksten i oppdrettsnæringen.
Biologi: Lakselusen er en parasitt med åtte livsstadier fordelt på tre frittlevende, to fastsittende og tre mobile stadier. Slår seg ned på laksen i det tredje.
Størrelse: voksen hunn: 12 mm (ca. 29 mm inkludert eggstrenger), voksen hann: 6 mm.
Føde: Skinn og blod fra laksefisk. Lusene spiser først når de sitter på en vertsfisk (fastsittende og mobile stadier).
Formering: Hele året, men formerer seg hurtigere når temperaturen øker utover våren.
Spredning: Frittlevende stadier sprer seg via fjord- og kyststrømmer.
Bekjempelse: Biologiske midler (leppefisk) eller kjemikalier (legemiddel).

Lakselus

Kontaktpersoner

Lars Asplin
994 04 871