Hopp til hovedteksten
Sild, Libas,2.8.06, trål (10).jpg
Sildefangst (illustrasjonsfoto)
Utskriftsvennlig versjon

Sildekalkulator gjev femårstrend

Med sildekalkulatoren frå Havforskingsinstituttet kan fiskarar og andre interesserte enkelt rekna seg fram til sildefangstane dei komande fem åra. Kalkulatoren er oppdatert med årets bestandsberekning.  
 

Nvg-silda vert forvalta frå år til år basert på råd frå ICES (det internasjonale rådet for havforsking). ICES gjev også ein toårig prognose for gytebestanden og fangstane. Næringa har lenge etterlyst prognosar som går over fleire år enn det ICES bidreg med.

Graf viser femårstrend

Det tek mellom fire og fem år før ein årsklasse rekrutterer til gytebestanden. Det gjer at forskarane – med utgangspunkt i det dei veit om gytebestanden og rekrutteringa i dag – kan laga relativt sikre framskrivingar fire år fram i tid.

– I den nye nettapplikasjonen kan brukaren sjølv vurdere kva som er sannsynleg silderekruttering, leggja verdien inn i kalkulatoren og ta framskrivinga enno eitt år fram i tid, seier Erling Kåre Stenevik, som er bestandsansvarlig for nvg-sild på Havforskingsinstituttet.  

Uvisse følgjer med

Stenevik understrekar at det knyter seg uvisse til framskrivingane.

– I tillegg til at framtidig rekruttering er usikker, kan framskrivinga verta ulik den utviklinga ICES etter kvart vil koma til å estimera. Det kjem av at det alltid er fleire element av uvisse i all bestandsberekning.

Han trur likevel næringa vil få god nytte av sildekalkulatoren, som vert oppdatert kvart år. Det er også planlagd kalkulator for andre bestandar.

– Fiskarane kjenner til at det er uvisse knytt til slike framskrivingar, og med det i bakhovudet kan dei danna seg eit godt inntrykk av utviklinga framover med hjelp av kalkulatoren.
 

Fakta om NVG-sild

Latinsk navn: Clupea harengus L.
Familie: Clupeidae
Maks størrelse: 40 cm og 500 g
Maks levetid: 25 år
Leveområde: Nordøst-Atlanteren
Hovedgyteområde: Møre og Nordland
Gytetidspunkt: Februar–mars
Føde: Plankton
Spesielle kjennetegn: Lever i tette stimer som beveger seg som en enhet

Norsk vårgytende sild

Prøv kalkulatoren her:

Sildekalkulator

Kontaktpersoner