Det formelle samarbeidet mellom Havforskingsinstituttet og søsterinstituttet Pinro i Murmansk starta opp i 1958. I boka finn ein både den historiske bakgrunnen for dette samarbeidet og faglege artiklar om fiskeartane, sjøpattedyra, fuglelivet, livet på havbotnen og i dei frie vannmassane, havmiljø, forureining og den generelle tilstanden for økosystema i Barentshavet. Boka har også kapittel om korleis tokta utførast, forskarane si rolle som rådgjevarar overfor fiskeristyresmaktene, kva for effektar ein kan vente seg som følgje av klimaendringane og kva for utfordringar forskarane står overfor. Boka er redigert av havforskarane Tore Jakobsen (Havforskinga) og Vladimir Ozjigin (Pinro).
Vellukka
- Vi har gjennom desse åra utvikla ei svært vellukka forvaltning av dei felles fiskebestandane våre i Barentshavet. Det tette og gode forskingssamarbeidet mellom Noreg og Russland har heile vegen vore avgjerande for denne forvaltninga, sa Berg-Hansen.
Havrettskonvensjonen og innføringa av nasjonale økonomiske soner på 1970-talet var starten på ein ny æra i fiskeriforvaltninga. Dette la ansvaret for forvaltninga av ressursane i Barentshavet på kyststatane Noreg og Sovjetunionen.
- Frå starten av var det silda og torsken som spelte ei sentral rolle i havforskingssamarbeidet. I dag er samarbeidet langt breiare. At det no er laga ei bok om Barentshavet basert på felles norsk-russisk forfattarskap, demonstrerer kor omfattande samarbeidet er blitt, sa fiskeri- og kystministeren.