Lars Asplin er ein av 12 forskarar som bidreg til føredragsrekkja ”Glimt frå Forskningen” på Bergen Offentlege Bibliotek laurdag 24. september (kl. 14:40). Arrangementet er i regi av Forskningsdagene i Bergen. Havforskingsinstituttet deltek også på Forskingstorget i Bergen og Tromsø og på Researchers’ Night på Akvariet i Bergen.
Ny og betre modell
Lars Asplin har utarbeidd ein ny og betre modell for korleis lakselusa spreier seg mellom fjordar og langs kysten. Eldre modellar har hatt avgrensa geografisk utstrekking, og forskarane har "mista" lusene som har drive utanfor området.
I den nye modellen kan forskarane studera korleis lusa spreier seg over eit større område enn tidlegare. Simuleringar viser at lakselusa kan førast over lange strekningar og at ho spreier seg både i og mellom fjordar.
Biologi og berekraft
Det er i dei tre første livsstadia lakselusa driv med straumen. Derfor vil Asplin også koma inn på biologien til lakselusa i desse fasane. Han kjem også til å informera om framtidige modelleringar med lakselus. Havforskingsinstituttet ønskjer å utvikla komplette berekraft-modellar, som mellom anna tar opp i seg smitte av lakselus mellom villfisk og oppdrettsfisk.
