Hopp til hovedteksten
Eksperiment
Linda Fonnes Lunde forklarar kva som skjer med pH-verdien når kalkvatn vert tilsett stadig meir CO2. Eksperimentet illustrerer prinsippet for havforsuring på ein enkel måte.
Foto: Hege Iren Svensen
Utskriftsvennlig versjon

Blide fjes på sur stasjon

At hummar, krabbe, sniglar og skjel treng harde skal for å beskytta seg, visste mange av dei små gjestene som besøkte Havforskingsinstituttet og Bjerknessenteret sin forskingsstasjon. Då dei gjekk derifrå hadde dei – i alle fall nokre – lært seg at havforsuring er dårleg nytt for skjel og skaldyr.

Kjemi var det overordna temaet for Forskningsdagane 2012. Det var forskingstorg i fleire store byar, og i Bergen var det full rulle dei fire timane teltet på Festplassen var ope laurdag 24. september.

Kaotisk og farleg eksperiment

Havforskinga, som også var representert med stand på Forskningsdagene i Tromsø, og Bjerknessenteret nytta anledninga til å skapa merksemd om havforsuring – som er kalla eit kaotisk og farleg kjemisk eksperiment; minst like skadeleg som den globale oppvarminga.

Havforsuring i praksis

Det var korkje kaotisk eller spesielt farleg på standen, sjølv om publikum fekk prøva seg på havforsuring i praksis. Med stø rettleiing frå kjemikyndige frå instituttet og Bjerknes fekk forskarspirene måla pH-verdien i vatn etter kvart som CO2-mengda auka.

Tromsø

På stasjonen i Tromsø viser Elvar  Hallfredsson korleis forsøket skal gjennomførast.

Foto: Gunnar Sætra

Perfekte hummarminiatyrar

På standen var det også ei "avdeling" for dei dyra som kan koma til å lida under eit sura havmiljø. Heilt ferske hummaryngelskal gjorde stor lukke hos dei yngste; ikkje alle hadde lyst til å gje slepp på dei perfekte hummarminiatyrane når dei først hadde fått dei i neven. Eit akvarium med krabbar, sjøstjerne, skjel, sniglar og litt fisk vart også nøye studert av både små og store.   
 

Les meir: