Hopp til hovedteksten
hai2_web.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Ukjent hai opp frå djupet

Ein vel halvmeter lang hai, trekt opp frå nærare 500 meters djup på Eggakanten utanfor Vesterålen, set grå hår i hovudet på forskarane. Truleg er det snakk om ein art som ikkje tidlegare er observert i norske farvatn.

Otte Bjelland og Rupert Wienerroither frå Havforskingsinstituttet har saumfare den mørkegrå haien og all tilgjengeleg forsking utan at det har ført fram til noko sikkert svar. No vert haien frose ned igjen i påvente av assistanse frå utanlandske ekspertar eller andre kjelder.

Norsk haimangfald

Det er registrert 17–18 haiartar frå norske havområder. Totalt finst det om lag 260 artar av saltvassfisk i våre farvatn. Det norske haimangfaldet tel gigantar som håkjerring og brugde som kan bli over 13 meter lang og nærare sju tonn tung, og mindre imponerande artar som hågjel og svarthå.Pigghå, som sjeldan måler meir enn 1,2 meter, er den vanlegaste haien langs norskekysten.

Vår hai er ikkje farleg for menneske. Dei fleste artane trivst på store djup, og kjem aldri i kontakt med menneske. Den store brugda beitar rett nok i vassoverflata, men nøyer seg med ørsmå dyreplankton. I røynda er det menneska som er til fare for haien. Fleire norske haiartar er hamna på raudlista på grunn av altfor hardt fiskeri.

Har ein mistanke…

Innimellom får norske havområde besøk av hai frå andre, varmare strok. Ein del av desse tilfeldige gjestene er kjent frå faglitteraturen, men den ”framande” frå Vesterålen er ikkje tidlegare registrert hos oss. Likevel har Wienerroither og Bjelland ein mistanke om kven haien kan vera.Han høyrer mest sannsynleg til slekta Centrophorus som liker seg på kontinentalskråninga i Atlanterhavet.

På tysk vert arten kalla Rauher Dornhai – ru pigghå i norsk oversetting. Dei to forskarane trur kanskje ruhå vil vera eit betre namn på norsk.

…men er ikkje sikker

Hai er ikkje dekt med vanlege fiskeskjel, men har plateforma skjel i lêrhuda (placoid-skjel). På kvar av skjela er det ei spiss hudtann som stikk ut gjennom overhuda. Ruhåen har spesielt ru hudoverflate. Tannspissane er nokså små, men dei er lette å kjenna når ein stryk langs haien frå halen og framover, fortel Bjelland.

Når han og Wienerroither likevel ikkje er sikre på at det er snakk om ein ruhå, er det fordi eksemplaret ikkje stemmer heilt med dei skildringane dei har funne i litteraturen så langt. Fasongen på skjela og riflene på hudoverflata skil seg noko frå samanlikningsgrunnlaget. Men dette er også forhold som kan variere i etter kva stadium i livet haien er.

Underlege, ukjente artar

I teorien kan det vera ein uoppdaga art Bjelland og Wienerroither har fått i hende, men sjansen for at ein ny art av nett denne slekta skulle dukka opp utanfor norskekysten er heller liten.

Uvanlege og nye artar for norske farvatn er elles ikkje uvant kost for dei to forskarane.

– Til ei kvar tid har vi sikkert liggjande mellom 5 og 10 artar som ikkje er publiserte i Noreg. For det meste er det snakk om sørlege artar som havstraumane har ført til våre kantar. Vi har framleis til gode å finna heilt nye artar, seier Otte Bjelland.

Det var linebåten ”Atlantic” frå referanseflåten til Havforskingsinstituttet (se faktaboks) som fekk haien i februar i år. I tillegg til materiale frå eigne forskingstokt er det i første hand referanseflåten som leverer fisk til artsidentifisering. Også privatpersonar tek kontakt med Havforskingsinstituttet når dei har fått noko rart på kroken.

Utstoppa og utstilt?

Bjelland og Wienerroither er opptekne av at desse ukjende marine gjestene raskt vert artsidentifiserte.

– Så lenge vi ikkje veit kva for fisk som kjem hit eller omfanget av innvandringa, kan vi heller ikkje seia noko om besøket berre er tilfeldig eller skuldast meir omfattande, permanente endringar i fiskefaunaen vår.

For haien, om han no vert identifisert eller ikkje, ventar eit vidare tilvære i sprit på Bergen museum som beleggseksemplar for første funn i norske farvatn.
 

Referanseflåten

Etablert i 2001 for å sikra Havforskingsinstituttet data-materiale direkte frå fiskeflåten.

Tel vel 17 havgåande fartøy og vel 20 mindre kystfartøy (9–15 meter), hovudsakeleg garnfartøy.

Fartøya informerer detaljert om enkeltfangstar og den generelle fiskeriaktiviteten mot økonomisk godtgjersle

Prøvetaking og opparbeiding av data ombord på referanseflåten er nesten identisk med det systemet som instituttet sine eigne forskingsfartøy nyttar

I 2010 representerte fiskeria referanseflåten deltok i ein verdi på rundt 13,3 milliardar kroner.
 

Kontaktpersoner

Otte Bjelland
909 98 192
Rupert Wienerroither
55 90 65 74