Hopp til hovedteksten
Sleping av "Johan Hjort"
"Johan Hjort" er no under slep av KNM Thor Heyerdal og vil venteleg vere i Bergen tidleg i ettermiddag.
Utskriftsvennlig versjon

”Thor Heyerdal” hjalp ”Johan Hjort”

”Johan Hjort” fekk stopp i hovudmotoren sør om Alden ved firetida i natt. Fartøyet er no under slep av KNM Thor Heyerdal og vil venteleg vere i Bergen tidleg i ettermiddag.

”Johan Hjort” var på veg frå det årlege kyst- og fjordtoktet med 25 personar om bord. Båten var om lag 250 meter frå land då situasjonen oppstod og det vart difor kasta anker for å stoppe drifta. Det var stiv kuling frå sør som pressa båten inn mot land. Fregatten Thor Heyerdal var i området og i løpet av halvannan time hadde dei fått slep om bord i ”Johan Hjort”.

-Vi fekk profesjonell hjelp frå folka på ”Thor Heyerdal”, seier kaptein Tommy Steffensen. Han understrekar at dei heile tida hadde straum frå hjelpemotorane til baugpropellen og at dei ikkje opplevde situasjonen som spesielt dramatisk. –Vi har truleg funne årsaka til stoppen og reknar med at vi kan få ordna den når vi kjem til Bergen i ettermiddag, seier Steffensen.

Etter planen skal ”Johan Hjort” gå på tokt i Nordsjøen 29. oktober. Det er ikke avklart om dette toktet vil gå som planlagt.

Fakta om "Johan Hjort"

Kontaktpersoner