Kvoteråd for lodde
Neste års kvoteråd for lodde i Barentshavet er sett til 320 000 tonn. Det er 60 000 tonn lågare enn rådet som vart gjeve i fjor. Nedgangen skuldast at lodda er utsett for eit auka beitepress frå den rekordstore torskebestanden i same havområde.
